Avisa Hordaland 21.08.1937
Bilførar Nils Hommedal, Vossestrand, skipa til tur til Bodøy i sumar. Det var sundagsmorgonen den 17. juli me reiste. Veret var fint og humøret godt hjå alle. Me var i alt 10 personar, gamle og unge, gifte og ugifte. Turen la me um Gudvangen med bilferja til Vadheim og vidare til Breim i Nordfjord. Der vart me godt mottekne av syskini til fru handelsstyrar Kleppe, Vossestrand. Me fekk mat på duka bord, og samveret var hugnadsamt. Teltplass fekk me hjå dei, og me var alle takksame for deira gjestfridom då me dagen etter drog vidare. Me bila til Olden og til Loen. Det var gripande å sjå Bødal og Nesdal.(Red .anm. Rasulykken i Loen i 1936) Mest utruleg var det at det hadde vore hus og velstellte gardar der. Ravnefjell såg endå trugande ut. Likevel arbeidde folk med slåtten innimillom steinrøyser og vrakrestar. Det er vel kjærleiken til jordi og heimen, som eingong var, som gjer at dei ikkje reddast for nye ras. Me bila frå Loen til Videsæter. Vegen gjekk i stor stigning og veldige svingar uppetter til hotellet. i Der måtte primusane fram, og middagen vart kokt. Maten smaka godt i den friske fjell lufti. Me åt nesten for mykje.
— Frå Videsæter gjekk so vegen i stor stigning innyver gråe fjellet. Snjofenner her og der var merke på at me var høgt yver havet. Me kom ned i Gudbrandsdalen, bila framum Skjåk og Vågå til Otta, der me fekk husrom på kafé «Pillar-Guri». Me såg Sinklarstytta til minne um slaget ved Kringen. Husi i Gudbrandsdalen tykte eg var vakre med sin sermerkte stil. Det var berre brune husvegger både på I solsida og skuggesida av dalen, gard etter gard i milevis nedyver. Dagen etter byrja me på vegen yver Dovrefjell. Me stansa og såg Dovre kyrkja, årstal 1736. Ho var klædd med svære steinhellor på alle vegger utvendig. Ved Dovregubbens handel stansa me att. Dovregubben stod på taket til hytta si, heilt naturleg vaksen i bjørk. Han skulde vel halda vakt yver sine kjære Dovrefjell.
— Me bila vidare og kom til garden Vold i Rennebu herad, der me stansa og såg gardsbruket. Me hadde hug å sjå korleis dei dreiv det på dei kantar. Den kvelden slo me leir på garden Vikann i Børsa. Det såg ut til at me skulde møta elskverdige folk kvar me kom. Me fekk teltplass på fyrste ordet, og høy fekk me til å liggja på i telti våre. Um morgonen bar det so innyver til Trondheim. Veret var framleis fint, og alt hadde gjenge godt til denne tid. Det var ein som sa at lukka forfylgde oss. I Trondheim var det sjølvsagt Domkyrkja me var mest uppglodde for. Ein mann viste oss rundt innvendig og fortalde korleis kyrkja hadde vore, og um restaureringi. Då tonane frå Skandinavias største orgel ljoma kom me alle i stemning. Det kom for meg at dette var eit heilagt byggverk, noko som må vernast um for framtidi. I tårnet, frå 45 m. hogd såg me utyver heile byen. Eit stykke frå land låg Munkholmen, som me minnest frå soga. Frå Trondheim bar det vidare på breide vegar til Levanger, Verdalen og Stiklestad. Ved minnesmerket um Olav Haraldson stansa me og i såg utyver vollane som eingong hadde vore nytta til slagmark.—«Dei stod på Stiklestad fylka til strid.» tenkte eg med meg sjølv.
— So bar det vidare. Det var nordyver, berre nordyver me skulde. Me reiste framum Steinkjer til garden Elden. Her var det atter elskverdige folk. Me fekk teltplass, høy til å liggja på, og vatn til kaffikjelen. Humøret var framleis godt, ikkje minst hjå den gamle garde, og me kosa oss dugeleg kring kaffikjelen i den stille sumarkvelden.
—Elden var ein av største gardane i Nord-Trøndelag. Um morgonen sa me takk for oss, og bila deretter til Namsos og vidare til Mosjøen. Frå Mosjøen til Elsfjorden. Der fekk me atter teltplass og høy og vatn. Lukka forfylgde oss. Um morgonen etter måtte me på bilferja yver til Hemnesberget. Då me køyrde uppetter Dunderlandsdalen braka det laust med torever. Det var ikkje for ingen ting Dunderlandsdalen. Regnet kom me oss undan her og. Etter dette fann me på at bilen skulde kallast «solskins-buss». På Saltfjellet stansa me ved nordlege polarsirkel. Me koka middag der. Høgdi yver havet var 707 m. Der fekk me likevel ei kraftig regnbygja på oss; men det var ogso den einaste på heile turen. Me tenkte det var fordi me heldt middag akurat på sirkelen. Det var nokre svære gråsteinar litt lenger burte. Me vart fortalde at dei i gamle dagar ofra til dei. So bar det i veg att på kilometervis snorbeine vegstrekningar med 70 km. fart til båtbyggjarbyen Rognan. Der måtte me med bilferja yver til Setså. Um kvelden var me framme i Bodøy.
— Målet var nådd. Me slo leir på teltplassen som talde um lag 80 telt. Det var nok ikkje berre me som var på tur til Bodøy. Laurdagen den 24. juli såg me varemessa. Ho gav, kort sagt, eit godt bilete av Nordland. Krunprinsparet vitja messa den dagen, og ei ung nordlandsgjenta vart kåra som prinsesse Midnattsol».
— Sundagen var me på fottur til turisthytta på Rønvikfjellet. Der var ei framifrå utsyn yver byen og fjelli ikring. Lengst ute såg me Lofotfjelli. Det leid for langt på året til at me kunde få sjå midnattsoli i si fulle bragd; men nettene var ljose som dagar, so det var mest vondt å forlata Bodøy då me skulde på heimveg. No vart det Oslo som vart vårt store mål.
—Me bila til ein gard som heiter i Torrisvik i Fauske, der lærar Brynjulv Kvamme tok mot oss med opne armar. Når sambygdingar møtest so langt burte er det liksom dei vert syskin, og slik var det her, me var alle syskin ved kveldsborilet og i samrøda utfor telti den vakre sumarkvelden. Brynjulv Fadnes, som var med, og nokre andre reiste ut på fjorden i båt, dei vilde visst fiska. Til vår store undring kom Fadnes'n att med tre store torskar. «Det er det eg har sagt,» sa han: «Lukka forfyl oss.» Det vart fisk til mid-dag dagen etter, skyna eg. Um morgonen sa me takk for gildt samvere, og drog vidare til Setså, Rognan, yver Saltfjellet og kom til Hemnesberget akkurat med det same bilferja fløyta for avgang. Lukka forfylgde oss. Me hadde elles lote venta i 2 1/2 time for å koma yver. Den kvelden slo me leir på Majastuen. Um morgonen bar det til Grong der me tok annan veg, um Snåsa og innatt på same vegen ovanfor Steinkjer. Me kom til Støren i Gauldalen um kvelden, der me yvernatta. Den dagen hadde me reist ca. 35 mil.
— Dagen etter kom me til Røros. Me såg smelteverket, og den vene Røros kyrkja med årstal 1780. Me bila framum Foldal. No såg me Rondane. Me minnest Vinje sine ord: «Her ser eg atter slike fjell og dalar., Vegen her var einslags berg og dalbane, slik at dei som sat bakarst i bilen sumtid var eit godt stykke upp frå setet. Me kom ned til Ringebu i Gudbrandsdalen. No vart vegen breidare, og farten større. Den kvelden slo me leir på teltplassen ved Litlehamar. Dagen etter såg me dei Sandvigske samlingar, som me var svært uppglødde for. Me forlet den vakre byen og i susande fart bar det nedyver langs Mjøsa til Hamar. Der såg me Jern-banemuseet med dei fyrste lokomotiv her i landet.
— På Eidsvoll stansa me. Ei dama heldt akkurat på og læste døri på den gamle ærverdige stortingsbygningen då me kom. Me fekk henne til å læss uppatt. Hadde me kome eit minutt seinere hadde ho vore gått sin veg. --Lukka forfylgde oss framleis. På Frogner såg me det einaste me ikkje likte på turen. Ein syklist og ein bil hadde støytt saman. Syklisten vart drepen på staden. Bilen hadde køyrt utfyre og var smadra mot ein telegrafstolpe; men føraren kom visst frå det med livet. Det var ålvoret i livet som her tala til oss, og det var ikkje slik stemning den kvelden då me slo leir i Nitedal. Um morgonen den 29. juli, St. Olavs dag, bar det inn til St. Olavs hotell i St. Olavsgate i Oslo. Me var komne til byen som alle landsfolk og som eg sjølv har stunda etter å sjå.
— Me tok ein tur med Holmenkollbanen, såg Holmenkollbakken og var i toppen på Tryvannstårnet, der me såg milevidt til alle kantar. Dagen etter såg me I St. Hanshaugen, Stortingsbygningen og Vår Frelsers gravlund med minnesmerke yver mange gjæve menn. Då det leid på dagen tok me til å trøytna,
— Soli var steikjande varm. Me gjekk til Studenterlunden og sette oss på ein benk i «skyggen av Karl Johan». Det var ikkje fritt for at eg hadde ei kjensla av lengt heim til gamle Voss, der det er frisk luft og fuglesong i grøne skogar. Heimturen la me um Drammen, Hokksund og Kongsberg. Me yvernatta på garden Belgen i Numedal. Det var siste natti me låg i telt. Um morgonen bar det vidare uppyver Numedal. Me såg Noreanleggi. Noko anna me merka var at folk arbeidde med slåttonni midt på blanke sundagen.
— Um kvelden kom me til Geilo. Me vart godt mottekne av Gustav Tufte og frua, som var dotter til ein som var med på turen. Me fekk husrom for natti og mat og kaffi um morgonen. Det var atter elskverdige folk me var komne til.
— Um morgonen takka me for oss, og so bar det til Haugastøl og Hardangerviddi. Då me kom til Fossli, stansa me og koka middag attmed Vøringsfossen. Naturi var vill og matlysti god. Me åt so det halve kunde vore nok. Um ei stund braka det laust med torever. Det regna kraftigt eit stykke ifrå oss men ogso her skulde me få vere turre. Me var lukkefuglar heilt igjenom.
— I veldige svingar i stupbratte fjellveggen gjekk vegen nedyver til Måbødalen og Eidfjord. Me køyrde til ferjeplassen på Brimnes. Der såg det likevel ut til at det skulde klikka for oss. Bilferja var upptinga men til all lukka var den eine bilen so liten at han vart smett til sides framme på dekket. Det vart Bolets laga plass for vår "solskinsbuss".
— Lukka forfylgde oss der og. Me kom til Voss kl. 21 um kvelden. Dei to vossingane som var med, vart sette av og takka for godt samver. Me kom til Vossestrand i 22-tidi.
— Det var måndag den 2. august. Då hadde me vore burte i 16 dagar. --Dette var noko um bilturen til Bodøy. A skriva um alt me såg og' høyrde vilde verts for langt. Turen var heilt igjenom vellukka, utan eit einaste uheld. Mange stader regna det i fjelli attmed oss men me kom oss alltid undan, når me reknar ifrå då me åt middag på polarsirkelen. Humøret var bra hjå alle under heile turen, og det hadde ikkje minst å segja.
— Turen var godt planlagd og fyrebudd av bilførar Hommedal, so næst etter lukka som forfylgde oss, er det han å takka at alt gjekk so knirkefritt. Turen skaffa oss minne som varer livet ut, og for oss arbeidsfolk som er i ærleg strev året rundt, er det sikkert at ein slik tur gjev nye hugmål og nytt livs-syn.
For alle som deltok
Olav Vinje.