Ingebjørg Bygd (f. 1866) intervjua 28.06.1935 av Knut Bjørgaas.
Paa Vossestrand brukar dei endaa kjæsedravle, ogsaa kalla «Strandadravle».
«Me tek spenavarm mjølk, helvti til aa koka og helvti til aa kjæsa. Den fyrste helvti kokar me raud og tjukk. So set me spoda i botnen og set eit merke i henne, kor høgt mjølki gjeng upp. Den andre helvti vert uppheta til 28-29 grader celsius.
So hev me kjæsevatn uppi henne, litt um senn, til alt er godt ihopdotte. So er det aa sleppa litt um senn av kosten uppi den samankokte mjølki, alt medan ho kokar. Slepper ein for mykje uppi um gongen, lyt han kokast lenger og er utsett for å verta for sterk.
Innhaldet i dravlekjelen fer ikkje stiga høgare enn merket ein sette i spoda, og det maa koka heile tidi. Hev ein for mykje kost uppi um gongen, er ein utsett for at det stoggar sòda, og daa vert det bresta.
Naar all kosten er uppi komen, vert det kokt ei tid, sidan vert han avteken og sett i kjøling, og daa maa ein ikkje røra meir i han.
Mysa av den andre helvti som vart kjæst vert ikkje teki med, men nytta paa annan maate t.d. til søtbrim eller til brimost. Dette slag dravle er brukt berre på Vossestrand.