av Inge Draugsvoll
Føreord
Familien til Ingeborg og Henrik Hommedal har 7. - 8. august 1993
slektstemne på Vossestrand. Vi ynskjer å bli betre kjende med
einannan, og minnast dei "røtene" vi kjem frå.
Ingeborg og Henrik har no 243 etterkomarar i direkte line etter seg.
Av desse lever 216. Etterkomarane er fordelt på 5 generasjonar. Ser vi
på heile familien med ektefeller og sambuarar, tel vi 352 personar. Av
desse lever 306. Vi kan med andre ord trygt slå fast at Ingenborg og
Henrik har sett varige spor etter seg...
Dette heftet vert gjeve ut til stemnet. Representantar for dei einskilde
familiegreinene har vore flinke til å senda inn materiale, og vi i
slektsnemnda har freista å knyta opplysningane saman så godt som
den knappe tidsråma har tillete det. Heftet er delt inn i tre
hovudbolkar: Del 1 handlar om Ingeborg og Henrik og deira samtid.
I Del 2 vert det skrive litt om kvar av borna deira, og i Del 3 kjem
sjølve slektstavla over alle etterkomarane.
Måtte både stemnet og dette heftet gjera oss betre kjende med kvar-
andre, og vera med på å knyta fortid og notid betre saman!
| Filstorleik: | 5 MB |
| Filtype: | application/pdf |
| Treff: | 572 Treff |
| Oppretta av: | Inge Draugsvoll |
| Sist oppdatert dato: | 19-10-22 |