Natur og Kultur på Langedalen, Vossestrand
            
Natur og Kultur på Langedalen, Vossestrand

Meta-Description:
Meta-Keywords:

Halsne, Markusteig, Langedalen,Vossestrand
GPS 0367516 6739415
Halsne var eit eige bruk fram til 1816, då enkja Anna Hansdtr Halsne gifta seg med 
Sjur Halsteinson Tveite Hb Markusteig. 
dei fekk to born Marta f. 1811 ho vart g.m Sjur Brynjulvsen Lunde Teigen, Teigen 34. Den andre var Viking f. 1813 han held fram som brukar av Markusteigen.
Det var ei stova og løe og eit stabbur, i dag går det ein traktorveg i frå Markusteig til Kjønnegard, denne vegen går midt i tunet mellom tuftena på Halsne. Den gamle saltvegen gjekk her og, etter at traktorvegen vart bygd vart den gamle vegen delvis Øydelagd. Men ein kan enno sjå restar etter den gamle saltvegen.

Foto: Oddvar Drevsjø
foto 0178
Meta-Description:Halsne, Markusteig, Vossestrand
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Halsne,Markusteig,Langedalen,Vossestrand,Anna Hansdtr Halsne,Sjur Halsteinson Tveite Hb Markusteig,Sjur Brynjulvson Lunde Teigen,Teigen,Viking Markusteig,Oddvar Drevsjø

Jenngruehaugen ved Markusteig
GPS 0367162 6740037
Jenngruehaugen, Den er i frå tidleg jernalder, og er ein av den største som er funnen i Hordaland


foto 0409.  Foto: Oddvar Drevsjø
Meta-Description:Jenngruehaugen ved Markusteig, Markusteig, Oppheim, Vossestrand
Meta-Keywords:Jenngruehaugen ved Markusteig,Jenngruehaugen,Jerngruehaugen,Markusteig,Langedalen,Vossestrand,Oppheim,Voss,Oddvar Drevsjø

Stein med innrissa namn på Langedalen

GPS 32 V  0367346  6735461
Stein med innrissa namn på Langedalen. Når ein går i frå Helgasetvatnet og nordover Langedalen kjem til eit gjerde som kryssar dalen, og fylger ein stien litt vidare kjem ein til stikryss. Då går ein stien ned mot elva Langejolo, Steinen ligg rett etter Stikrysset (Gamle ferdselsvegen over Langedalen).

foto 0411.  Foto: Oddvar Drevsjø
Meta-Description:Stein med innrissa namn på, Helgaset, Langedalen, Langedalsstølen, Markusteig, Oppheim, Vossestrand
Meta-Keywords:Stein med namn på,Helgaset,Langedalen,Langejolo,Langedalsstølen,Markusteig,Kvitno,Vossestrand,Oppheim,Voss,Oddvar Drevsjø

Smalehovesviing, Markusteig Okt 2010
Markusteig Okt 2010. Smalehove var eigentleg ein fatigmannskost i eldre tider. Då nytta dei alt kjøt dei kunne bruke på dyret. Smalahovud vart mykje nytta i indre Hardanger, Voss, og indre Sogn. Her var det røyking som vart mest nytta ved og konservera kjøt, Ved kysten var det tørking som vart mest nytta til og konservera kjøt
foto 0573. Foto: Oddvar Drevsjø
Meta-Description:Smalehovudsviing, Markusteig, Vossestrand
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Markusteig,Smalehovud,Smalehovudsviing,Vossestrand,Oddvar Drevsjø

Smalehovesviing, Markusteig Okt 2010
Markusteig Okt 2010. Smalehove var eigentleg ein fatigmannskost i eldre tider. Då nytta dei alt kjøt dei kunne bruke på dyret. Smalahovud vart mykje nytta i indre Hardanger, Voss, og indre Sogn. Her var det røyking som vart mest nytta ved og konservera kjøt, Ved kysten var det tørking som vart mest nytta til og konservera kjøt
foto 0574. Foto: Oddvar Drevsjø
Meta-Description:Smalehovudsviing, Markusteig, Vossestrand
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Markusteig,Smalehovud,Smalehovudsviing,Vossestrand,Oddvar Drevsjø

Tråfloren til Markusteigen
GPS 0367563 6739510
Tråfloren til Markusteig i frå 1750 åra, er no den eldste bygningen på garden
Foto: Oddvar Drevsjø
  foto 0655
Meta-Description:Tråfloren til Markusteig, Markusteig, Vossestrand
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Tråfloren til Markusteig,Markusteig,Langedalen,Vossestrand,Oddvar Drevsjø

Langedalen 6 Mai 2011
Langedalen med Markusteigen (nærast) og Tufto (bilete er teke i frå Halsne)
Foto: Oddvar Drevsjø
foto 0752
Meta-Description:Langedalen med Markusteig og Tufte, Markusteig, Tutfe, Vossestrand
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Markusteig,Tufte,Halsne,Langedalen,Vossestrand,Ola Markhusteig,Brita Markhusteig,Oddvar Drevsjø,Kjell Ure

Markusteig, Hellekistegrav
GPS 0367479 6739208
Markusteig. Hellekistegrav. - Her ser me øvre delen av ei hellekisstegrav (ei av fleire).
Langedalen lok. 1 Hellekiste
Den ligg 5m V for elva, 10m N for brua som fører over elva til Markusteig. Her er gras med beiteland, med mykje stor stein (rasstein frå berget over Markusteig frå istida)og lauvtre.
Kista er 1.8 x 0.8 m, Øst-Vest, delvis overgrodd, men i  Vest enden ligger dekkhellar i dagen (Se Bilete). Truleg 3 dekkellar. Sideveggane består av ei kantstilt dekkehella kvar. Kista er gravd ned i bakken, toppnivået er i kant med bakken. Folk skal ha sett ned i kista. Ingen opplysingar om funn. Det skal ha vore fleire kister her, men brørne frå Markusteigen kjente ikkje til det. Visste heller ikkje om det har vore haug over kista.
Per Fett
.  (om bilete er den Per Fett omtalar veit eg ikkje. Oddvar Drevsjø)
Foto: Oddvar Drevsjø
foto 0761
Meta-Description:Hellekistegrav, Markusteig, Tutfe, Vossestrand
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Markusteig,Hellekiste,Hellekistegrav,,Vossestrand,Per Fett,Oddvar Drevsjø

Haugen, Husmannsplass under Halsne/ Markusteig
GPS 0367458 6739357
På husmannplasset Haugen u/ Halsne budde Mikkjel Henrikson Store Hemre 34i f. (1792 - 1875) , han var g. 1813 m. Brynhilda Olsdtr Bidneshovden 10c  f. (1791 - 1876) Dei budde her i  ved folketeljinga 1865, dei flytte seinare ned til Graue til dottera Anna.
Dei var husmenn på Halsne og Flåten, namnet Kalfone vart også nytta om plassen.  Dei fekk borna: Henrik f. 1813 (Bidne S 44) 
Anna f. 1816 - 1892 g. 1850 m. Viking Anderson Helleve, Graue, Voss
Ingri 1819 - 1875 g. 1842 m. Ola Kjelson Helleve, Helleve, Voss.
I frå folketeljinga frå 1865 er det ein  Knut Person frå Store Høn f.1786 - , Store Høn 40g, g. 1821 m enkja Anna Hansdtr Markusteigen 1772 - 1845, han var leiglendig, dei hadde ingen born. 
Knut Person hadde1 hest, 12 kyr, 27 sauer, og 1 gris. Han dyrka 4 tønner blanda korn og 3 tønner poteter. Han fekk hjelp hjå Viking Markhusteig med buskap og avling. Han var 80 år i 1865, Det har truleg vore husmenn her tidlegare og. Murane vart vekke, då det vart dyrka opp her i 30 åra.
Kvar vart slekta av:

Ætta etter Brynhilda Olsddtr Bideshovden og Mikkjel Henrikson Store Hemre
1.1 Brynhilda (1791 - 1876) og Mikkjel (1792 - 1875) var husmenn under garden Markusteig/Halsne, Vossestrand
Namnet på plassen var 1819 nemd som Kalfone, i folketelinga 1895 vart namnet flaaden (Flåten) nytta.
I 1865 var det 1 bygning, 2 heimahøyrande, 1 husholdning. Brukar var Mikkjel Hendrikson (Husmann med jord). Utsæd: bl 1/4, po 1/2.
husdyr Ku 1, får 4.

Dei står oppført som husmenn der i folketeljinga for 1865. Seinare flytte Brynhilda og Mikkjel ned til dottera Anna som var g.m Viking Andersson Helleve busett på Øvre Graue, der dei var husmenn i Grauehagen, like ved der foreldra til Anders Vikingson var Husmenn på Syningen. Brynhilda og Mikkjel hadde 3 born  (1, 0)Henrik (1813 -) 
(2,0) Anna (1816 - 1892)
(3,0) Ingri (1819 - 1875).


1.0 Henrik Mikkjelson Markusteigen f. 1811 g.m Sigvor Monsdtr Ettesvoll
dei utvandra til amerika 1867, busett Chipewa Falls, Pope Minnesota
Born
Mikkel Henriksen 1838 - 1922
Gjertrud Henriksen 1840 -
Mons Henriksen  1842 -
Ola Henriksen 1844 -
Martha Henriksen 1847
Anna Henriksen 1849 - 1924
Lars Henriksen 1852 - 1852
Brita Henriksen 1853 - ?
Lars Henriksen 1856 -

--------------------------------------------------------------------------------------------


1.1 Mikkjel Henrikson Markusteigen (1838 -  1922) Han reiste til Aurland i 1863 og vart g. m Anna Olsdtr Winjum. Mikkjel nytta seinare etternamnet Ettesvold (Etternamnet til mora). Dei utvandra til Amerika i 1869 og var busett i Stoughton, Dane, Wisconsin.
Born
Henrick Ettesvold 1862 - 1926
Guri Severina (dulla) Ettesvold 1869 - 1893
Olena Ettesvold 1871 - 1956 
Janna Jennie Ettesvold 1873 - 1970
Anton M. Ettesvold 1877 - 1961
Lewis Ettesvold 1879 - 1967
Carl Obert Ettesvold 1883 - 1953
Walborg Amelia Ettesvold 1885 - 1973
Amine Toldine Minnie Ettesvold 1889 - 1959

--------------------------------------------------------------------------------------------

1.1 Henrick Ettesvold 1862 - 1926

1.1 Guri Severina (dulla) Ettesvold 1869 - 1893
 
1.1  Olena Ettesvold 1871 - 1856 g.m Lars Larsson Hanse (Hønsi)  1865 - 1946
born
Melvin Lawrence Hanse 1890 - 1977
Albert Bernhard Hanse 1892 -  1968
Lillie Omena Hanse 1894 - 1971

1.1   Janna Jennie Ettesvold 1873 - 1970  g.m Peter P. Strand 1865 - 1903
born
Olaf Palmer Strand 1895 - 1967
Clara Gemine Strand 1897 - 1990
Max Joseph Strand 1899 - 1899
Judith Pauline Strand 1900 - 1990
Myrtle Adelia Strand 1902 - 1983

1.1   Anton M. Ettesvold 1877 - 1961 g.m Rosetha Ophelia Lee 1882 - 1966
Born
Mildred Julia Ettesvold 1911 - 2005

1.1   Lewis Ettesvold 1879 - 1967 g.m Sophia Ann
Born
Arnold A. Ettesvold 1907 - 1974
Mildred Ettesvold 1913 - 2005
Irene Ettesvold 1918 -

1.1   Carl Obert Ettesvold 1883 - 1953 g.m Emma Anina Solvie 1881 - 1963
Born
Lila Ettesvold 1904 - 1977
Maurice Solvie Ettrsvold 1907 - 1978

1.1 Walborg Amelia Ettesvold 1885 - 1973 g.m Henry Mickelson 1876 - 1963
Born
Orville Mickelson 1906 -
Bernard Mickelson 1908 -
Helen Mickelson 1910 -
June Mickelson 1912 - 2006
Harriet Mickelson 1918 -
Herbert Mickelson 1921 -
Donald Eugene Mickelson 1924 -  1997
Ario Mickelson 1927 -
Elaine Mickelson 1930 -

1.1   Amine Toldine Minnie 1889 - 1959 g.m Carl Adolf Johan Bugge 1886 - 1975
Born
Symon Bugge 1911 - 1987
Valborg Julia Bugge 1914 - 1955
Milton Bugge 1918 -
Martha Bugge 1920 -
Lillian Bugge 1922 -
-------------------------------------------------------------------------------------------

1.2 Gjertrud Henriksen 1840 -            g. m Halstein Johansen 1840 -

--------------------------------------------------------------------------------------------


1.3 Mons Henriksen Bidne 1842 -        g. 1863 m Kari Monsdtr Rinde frå Leikanger.
Born
Synneva Monsdtr Johnson

Andre opplysningar om Mons: Svein Knutson Kvamme stefar, Lars Sveinson Ettesvoll Rygg stebror, Monsina Prestegård stedotter.

--------------------------------------------------------------------------------------------

1.4 Ola Henriksen 1844 - utv. Am 1866

--------------------------------------------------------------------------------------------


1.5 Martha Henriksen 1847 -

-------------------------------------------------------------------------------------------

1.6 Anna Henriksen  1849 - 1924 g. m Torjus Homme Johnson 1841 - 1889  frå Kviteseid i Telemark
Born
John Johnson  Homme 1869 - 1945
Bertine (Berthe) Homme 1870 -
Henry Julius
Johnson 1872 - 1954
Torgjes (Torger) Homme 1873 -
Martin Johnson or Homme 1875 - 1968
Andrew Homme Johnson 1877 - 1959
Alfred Teodore (Homme) Johnson 1883 - 1938
Gurine Pauline (Homme) Johnson 1884 - 1885
Hilma Theoline Johnson 1885 - 1986
Gaylord (Homme) Johnson 1886 - 1886

--------------------------------------------------------------------------------------------

1.7 Lars Henriksen 1852 - 1852

--------------------------------------------------------------------------------------------


1.8 Brita Henriksen 1853 -?

--------------------------------------------------------------------------------------------

1. 9 Lars Henriksen 1856 -

--------------------------------------------------------------------------------------------


 



2.0 Anna Mikkelsdtr (1816 - 1892) g. m Viking Andersson (1819 - 1912) Helleve Graue, Voss.
Born a) Anders 1850 - 1933 g.m Brita (Bertha Jane Graue)

Dei Utvandra til Amerika Minnesota i 1871 . Viking Utvandra til Amerika, Minnesota i 1899, han står oppført som enkemann. Han døde i 1912, Bird Island, Renville, Minnesota og er gravlagt Bird city, cemetery.
Dei hadde 5 born
Anna Bertena Vikingson 1880 - 1902 (born ikkje oppført)
Nels Vikingson 1882 - 1959
Eric Vikingson 1884 - 1956
Bertha Marie Vikingson 1888 - 1978
Victoria Vikingson 1891 - 1976

2 ,1 Anna Bertena 1880 - 1902 ug

Nels Vikingson 1882 - 1959 g.m May DuChamp 1884 - 1912
born Leon Clarence DuChamp 1907 - 1956
Gladys May Vikingson 1911 - 1998
2,1 a g. m 2 gong Marie Loise Klindworth 1891 - 1986
Born Velma Vikingson 1916 - 2009
Virgil Nels Vikingson 1916 - 2002
Lucilla Marie Vikingson 1917 - 1979
Eileen Lois Vikingson 1924 - 2005
Phylis Violet Vikingson 1928 - 2013
Eugeen Richard Vikingson 1931 - 1965

2.2 Eric Vikingson 1884 - 1956 g.m Annie Olson 1889 - 1954
born
Earl Glenn Vikingson 1914 - 2008
Doris Catherina Vikingson 1921 - 2004

2.3 Bertha Marie Vikingson 1888 - 1978 g.m Alonzo «Lonnie» Rogers 1874 - 1932
Ingen born oppført.

2.4 Victoria Vikingson 1891 - 1976 g.n George Ferdinand Fischer 1877 - 1959.
Ingen born oppført

--------------------------------------------------------------------------------------------

3.0 Ingri Mikkelsdtr Markusteig 1819 - 1875 g. 1842 m Ola Kjelson Helleve
Born
Kjel Olson  1871 - 1931
Hermund Olson 1846 - 1930
Anna Olsdtr 1849 - 1934
Henrik Olavson 1853 - 1907
Brita Olsdtr 1855 -
Ingebjørg Olsdtr 1858 -
Ingerid Olsdtr 1861 -

3.1 Kjel Olson Helleve 1844 - 1918 g. m Marthe Caroline Hansen 1847 - 1936 Dei utv. til Amerika 1866
Born
Inger Olson 1871 - 1931
Anna Olson 1872 - 1950
Matilda Olson 1875 - 1960
Margaret Olson 1880 - 1980
Frederick Olson 1882 - 1928

3.2 Hermund Olson 1946 - 1930 g. m Marta Hauge      - 1891
born
Ida Olson 1887 - 1968
Anne (Annie) Olson 1889 - 1959
Amanda Olson 1890 - 1978

3.3 Anna Olsdtr Helleved 1849 - 1934  g.m  Vrål Nilsen Storhaug
Born
Ingerid Vrålsdtr 1884 - 1917
Gro Vrålsdtr 1884 -
Nils Vrålson Storhaug 1888 - 1974
Ragnvald Vrålson Storhaug 1892 - 1990

3.4 Hernrik Olavson Helleve 1853 - 1907 g. m Berta Nilsson 1861 - 1947
born
Ole Henriksen 1880
Ingebjørg Hendriksdtr 1885 - 1969
Inga Hendriksdtr 1888 - 1988
Nils Hendrikson 1890 -1973
Kjersti Cristine Hendriksdtr 1895 - 1964
Henrik Henry Henriksen 1895 - 1982
Johannes John Hendriksen 1898 - 1990
Anna Bertina 1902 - 1983

3.5 Brita Olsdtr 1855 -       g. m Torkjel Eilivson Tøn  1853 -
Born
Anna Torkjelsdtr 1880 -
Ingerid  Torkjelsdtr 1881 -
Ingeborg Torkjelsdtr 1885 -
Britha Torkjelsdtr 1887 -           g. 1913 m. Knut Knutson Brakestad 1879 -    Frå Evanger
Martha Torkjelsdtr 1889 -         Utv til Amerika 1909
Eiliv Torkelson 1891 -
Olina Torkelson 1894 -
Lars Torkelson 1896 -
Henrik Torkelson 1896 Tvilling med Lars

3.6 Ingebjørg Olsdtr 1858  g. m Anders Ivarson Rykke 1852
Born
Kari Andersdtr 1886 -
Ingerid Andersdtr 1887 -
Guro Andersdtr 1889 -
Ivar Andersson 1892 -
Anders Andersson 1894
Lars Andersson 1896 -
Anna Andersdtr 1899 -


3.7 Ingerid Olsdtr 1858 -            g. 1887 m. Lars Sjurson Dukstad
Born
Sjur Larsson  1888 -
Henrik Larsson 1891 -
Martha Larsdtr 1897 -
Ingerid Larsdtr 1900 -
Anders Larsson 1902
Ingebjørg Larsdtr 1904 -  

av: Oddvar Drevsjø

Foto: Oddvar Drevsjø foto 0805
Meta-Description:Husmansplasset Haugen, Haugane, Halsne, Markusteig, Vossestrand
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Haugen,Haugane,Halsne,Markusteig,Langedalen,Vossestrand,Mikkjel Henrikson Store Hemre,Brynhilda Olsdtr Bidneshovden,Henrik Markusteig,Anna Markusteig,Ingri Markusteig,Viking Anderson Helleve,Graue,Ola Kjelson Helleve,Helleve,Voss,Knut Person Store Høn,Store Høn,Viking Markhusteig,Oddvar Drevsjø

Sindùrhaugen, Langedalen, Vossestrand
GPS 0367326 6739542
På Sindùrhaugen budde det ei som heitte Gjertrud Eiriksdtr Sindùrhaugen, ho var systera til Haldor Eirikson Grindeland som var gift med Torbjørg Ingebriktsdtr Tufte.
Gjertrud Eiriksdtr (1831 - 1911) var fødd  på Grindeland (Grindeland 70b), Ho hadde fjøs i kjellaren, og her hadde ho  geiter og sauer. Ho fekk ein son (Erik Grindeland 1862 - ), med Kristoffer Johannesen Berge. Erik tok seinare namnet "Erik Johannesen Teigen". Han brukte også dette namnet når han for til Amerika i 1881. Ho var budeia på Ytste Tuftestølen, og her skulle ho ha sagt "Det er ikkje noko stølsliv utan og drikka sauemjølk" Ellers veit ein lite om det har vore tidlegare busetnad her, men det skal truleg ha budd ein som heitte Sindùr eller Sinder her, men det er ikkje funne i nokon dokument. Det står Gardsoga for Oppheim (under Sundsvoll) sokn at "Truleg tyder Sindùr (Sinder) i Sindùhaugen jarnslagg, kroker etter jernnsmelting" Men det er ikkje noko myr på Sindùrhaugen som inneheld jernmalm. Huset stod til 1913 men kor lenge etter veit eg ikkje., og murane vart vekke når dei bygde vegen forbi her i 1946. Ein kan enno sjå rydningsrøyser her. Sindùrhaugen
ligg på det høgaste punktet på den kommunale vegen til Markusteig, her er det også ein god parkeringsplass. Mikkelstreet var også eit namn som vart nytta om plassen.

Foto: Oddvar Drevsjø  foto 0806
Meta-Description:Sindùrhaugen, Gjertrud Eiriksdtr Grindeland, Gjertrud Eiriksdtr Sindùrhaugen, Erik Grindeland, Erik Johannesen Teigen, Vossestrand
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Sindùrhaugen,Gjertrud Eiriksdtr Sindùrhaugen,Gjertrud Eiriksdtr Grindeland,Kristoffer Johannesen Berge,Erik Grindeland,Erik Johannesen Teigen,Haldor Eirikson Grindeland,Haldor Eirikson Tufte,Torbjørg Ingebriktsdtr Tufte,Ytste Tuftestølen,Markusteig,Grindeland,Langedalen,Vossestrand,Oddvar Drevsjø

2011 Markusteig
2011 Flyfoto av Markusteig med landskap
Foto: Nils Klette  Samlar av foto: Oddvar Drevsjø  foto 1000
Meta-Description:Flyfoto av Markusteig, Vossestrand
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag, Markusteig, Vossestrand, flyfoto,Nils Klette,Oddvar Drevsjø


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger