Sjur BygdFrå Wikipedia: Sjur Bygd (28. april 1889-29. oktober 1985) var ein norsk forfattar, gardbrukar, ordførar og banksjef busett i Myrkdalenpå Voss. Han debuterte i 1915 med novellesamlinga «Fjell-folk». Sjur Bygd debuterte med "Fjellfolk" i 1915, ei samling forteljingar frå ei avstengd vestlandsbygd. I romanen "Holmgang" (1917) skildra Bygd dei psykologiske føresetnadane for ein bygdestrid. Det same gjer den store romanen "Valplassen" (1921). Eit av Bygd sine fremste verk, "Luftspeglingar" (1925) er ei samling noveller med same miljø. Andre betydlege romanar er "I hamskifte" (1949) og "Mot blå berg" (1957). Bygd var ein skarp psykolog, og kjende dei løynde tildriva i menneska, krokvegane deira, hyklarskapen, naturangsten og religiøsiteten. Med sin knappe stil og friske synsbilete skreiv han levande
situasjonar om norsk folk og kultur. |