Treskjerarar frå Vossestrand: Gulleik Helgeson Brekkhus
1863-1956 Gulleik
og Brita fekk 6 born: Anna 1888-1966, Helge 1889-1956, Knut 1891-1975, Marta
1894-1975, Lars 1897-1979, Anders 1902-1961. Gulleik
budde på Engjaland. Han fekk skøyte på bruk 2 i 1894, men før det var han husmann på
Leidal i Reppen i 4 år. Gulleik
var ein dyktig treskjerar. Gulleik mottok mykje heider for sitt treskjerararbeid, mellom anna gullmedaljer for sitt arbeid på Voss i 1930-åra. På landsutstillinga i 1914 fekk han sylvmedalje og elles mange 1. premiar og medaljer frå bygdeutstllingar og varemesser. Han var heidersmedlem i Voss Kunstlag, og til 90 års dagen sin fekk Gulleik kongens fortenestemedalje i gull. Gulleik døydde 8. mars 1956, 93 år gamal.
Knut Gulleikson Engeland 1891-1975. Knut
var son til Gulleik Brekkhus, han var fødd i 1891 på Engeland. Knut døydde 30. mars 1975, 83 år gamal. Kilder:
Styrk Larsson Hirth 1866-1953. Styrk
vart fødd 17. september 1866 på Vetla Hyrt. Faren, Lars Andersson Hirth
(1833-1917), var agronom. Styrk
gifte seg i 1902 med Marta Styrkårsdotter Helgeland (1877-1966). Dei busette
seg på Mørkve og fekk 9 born: Lars 1904 -1989, Styrkår 1906 -1995, Inger 1907-1996, Ola 1909-1922,
Anders 1910-1995, Odd 1912-1998, Maria 1913 -1913, Marta (gift Bystøl)1915-2017, Sjur 1917-2019. Av dei ni borna til Styrk og Marta var det berre to som fekk eigne born, Styrkår og Odd. Alt
som smågut i 7-8 års alderen tok han til å skjera ut husdyr i tre, og då han
var 14 år skar han ut fleire byster, mellom anna ei byste av Nikolai Wergeland.
Medan
Styrk arbeidde i Bergen, dreiv han også med treskjerararbeid i ledige stunder og
på kveldstid. I den tida hadde han fleire arbeid på utstillingar som han fekk
premie for. På verdsutstillinga i Chicago i 1904 fekk han premie for eit drikkehorn som vart innkjøpt av eit museum i Chicago. Han fekk premiar og utmerking på i alt fire verdsutstillingar. I
1916 fekk han Den Norske Husflidsforenings diplom for godt arbeid i 25 år. Han
fekk også sylvmedalje frå I
1904 kjøpte han eit bruk på Mørkve og dreiv som gardbrukar. Då gjekk heile
dagen med til gardsarbeid, men om kvelden sat han under lampa og skar. Mykje av
det han laga vart selt til turistar men også til folk i bygda. I
1919 skar han døypefronten i Vinjekyrkja ut av ein furukubb frå Hauge. Målinga
av ornamentikken vart seinare gjort av Helena Dagestad. På same vis laga dei
talarstol og ein utskoren trevegg, som tener som sceneteppe, i ungdomshuset i
Myrkdalen. Styrk
Hirth døydde 22. januar 1953, 86 år gamal. Son til Styrk Hirth, Styrkår Hirth 1906-1995, var også ein allsidig kunstnar og
handverkar med stilkjensle og tradisjonskunnskap innan ornamentalskurd,
biletskjering og rosemåling. Han var lenge lærar i teikning og forming ved Voss
yrkesskule. Kilder:
Erlend Sundsvoll 1866-1915 Erlend var fødd 29. juli 1866 på Sundsvål, Oppheim. Faren, Ola Olson (Dale) Sundsvoll (1843-1928), var frå Austre Slidre i Valdres og mora, Marta Erlendsdotter Bidne (1838-1910), frå Bidne S. Erlend gifta seg med Emilie Jansine Schwartz og busette seg i København. Erlend
var ein dugande treskjerar og dekorasjonskunstnar. Han var fire år hjå Lars
Kinsarvik i lære. Etterpå for han til Bergen og var 18 år i arbeid hjå
Christopher Knag, der han og ei tid arbeidde saman med Styrk Hirth. Han fekk så
eit stipend og reiste til København, der han fekk oppgåver som treskjerar og
vart verande til 1914. Han flytte då tilbake til Bergen og byrja hjå Knag att,
men kort tid etter døydde han i 1915, 49 år gamal. Kilder:
Ingebrigt Rognaldson Sundve 1876-1967 Ingebrigt var fødd 17. juni 1876 på Sundve. Han var son til Rognald Larsson Sundve (1841-1913) og Gjertrud Ingebriktsdotter Sundve (1842-1923). Han gifte seg i 1914 med Maria Sjursdotter Teigen (1888-1972), og busette seg på Teigen på Vasstrondi. Dei fekk 5 born: Sigvald Robert 1915-1967, Gullaug 1917-1987, Gudny 1919-1989, Anna-Bergljot 1922- , Ingvald 1924-1987. Ingebrigt var lensmann i Vossestrand 1927-1947.
Han var ein dugande treskjerar og særleg kjend for tråvhestane i tre. Den
tanande rørsla deira kjem godt fram, nokre av dei er å sjå i Voss Folkemuseum.
Fleire av figurane han laga har også vore utstilte i Sambygg, Vinje. Ingebrigt døydde 17. februar 1967, 90 år gamal. Kilder:
Sjur Mørkve 1917- 2007 Sjur var fødd 18. september 1917 på Mørkve. Han var son til Odd
Larsson Mørkve (1887-1978) og Brita Sjursdotter f. Bystøl (1889-1974). Sjur starta med treskjering alt som gutunge.
Han var ofte på besøk i verkstaden til naboen, treskjeraren Styrk Hirth. Der
fekk han prøva seg med ekte treskjeringsverktøy, og lærde både om dragestil,
korleis ein laga nøtteknekkar og andre ting. Sin fyrste trefigur laga han då
han var 12 år gamal. Sjur døydde 9. september 2007, nær 90 år gamal. Kilder:
Kolbein Hommedal 1917-2010 Kolbein var fødd 22. februar 1917 på Sausjord, og var son til Knut Henrikson Hommedal (1883-1922) og Maria Kolbeinsdotter Arnetveit 1891-1967). Faren døydde ved ei ulukke i 1922. Etter ein del omflakking enda familien på Holo i Holbygda i 1932 der mora, Maria, kjøpte seg ny gard, og som ho dreiv i mange år. Kolbein gifte seg i 1944 med Borgfrid Gjelsvik og busette seg i Haus, no Arna. Dei fekk 2 born: Audhild f. 1945 og Knut Asbjørn f. 1950. Kolbein var sjølvlærd treskjerar. Han prøvde
fyrst med ulike modellar, som i starten var kløvhestar, geiter og geitebukkar
og slåttefolk som slo eller kom etter med riva. Figurane var retta mot
turistmarknaden. Kolbein deltok på mange utstillingar og
messer. Mellom anna på Hausutstillinga i
1960, Vossamynstringa i 1964, Dagestadmuseet i 1991, Voss kunstlag sin
utstilling i Osasalen saman med Sjur Mørkve og i Ådnatun under Arnadagane. I
1990 deltok han saman med Sjur Mørkve på utstillinga i Decorah, Iowa, under
Nordic Fest. Kolbein sitt knustnarlege arbeid vart sett pris på. Han fekk kulturpris frå Hordaland fylke og frå Bergen kommune. Kolbein døydde i 2010, 93 år gamal. Kilder: |