Elling
Eielsen Sundve 1804-1883.
Elling var fødd på garden Sundve på Vossestrand. Han var son til Øyel
Ingebriktson Sundve og Anna Erlandsdotter f. Sundsvoll-Finne.
Han
vart ein av Noregs mest kjende lekpredikantar. Sommaren 1839 emigrerte han til Amerika.
Her vart han nokre år seinare ordinert til den første norske presten i Amerika.
Ved
inngangen til Vinje kyrkje er det reist ein minnestein med relieff av Elling
Eielsen Sundve.
Sjølve steinen er komen frå Skjervheim i Myrkdalen. Relieffet av
Eielsen-andletet er henta frå utskjering i ei tresøyle ved inngangen til det
gamle kunst- og formingsbygget ved St. Olaf College, Northfield, Minnesota,
USA. Det er opphaveleg utført av luthersk prest og kunstprofessor Dr. Arnold
Flaten. Relieffet - tilrettelegging og støyping - er utført av Mac Gimse, ein
av arvtakarane etter professor Flaten ved St. Olaf.
Under relieffet er det ei kopperplate med innskrifta:
"Elling Eielsen Sundve 1804-1883. Vandrande haugianar - forkynnar. Fyrste lutherske prest mellom utflytte nordmenn i USA".
Relieffet
er ei gåve frå Amerika.
Minnesteinen
vart avduka av formannen i Vinje sokneråd, Einar Midtun, sundag 16. november 1980, med dei siste orda
som Elling Eielsen sa: ”Åleine for Jesu Kristi skuld”.
Desse
orda er også å lesa på minnesteinnen.
Kjelde:
”Elling Eielsen Sundve 1804-1883” frå 1980.