Sogelaget sin logo

Sogelaget sin logo

Vossestrand er kjent for treskurd av høg kunstnarleg kvalitet. Logoen for Vossestrand Sogelag er eit bilete av den elste treskulpturen vi kjenner frå bygda:
Fabledyret som pryda ei stavkyrkje på Vossestrand i mellomalderen og som er Noregs elste og finaste skulptur frå stavkyrkjeportalar. Den kan vera frå før år 1300.

I årboka til Nordiska museet 1946 står mellom anna: ” -figuren fra Vossestrand står som et uovertruffet mesterverk - . Den tilhører en tid da vi med større rett enn noen sinne kan tale om en felleseuropeisk kultur.” Dette viser at Vossestrand i eldre tid ikkje var ei avsidesliggande fjellbygd. Bergen var største byen i Skandinavia i mellomalderen. Frå der var det stor trafikk austover gjennom Vossestrand med saker som vedkom administrasjon, forsvar, kyrkje og handel. I nyare tid var den trafikken knytt til ”Kongevegen” gjennom Vossestrand. No har me europavegen E16, men dei fleste køyrer forbi.

I mellomalderen gav ein gåver til kyrkja med von om god reise. Kyrkja på si side brukte innkomene frå dei mange reisande gjennom bygda til utsøkt kunst.
Ein veit ikkje kven som skar ut fabeldyret som pryda kyrkja. Det kan òg vera ein lokal kunstnar. Også i nyare tid har ein eksempel på lokal kunst av høgste klasse, med eigen stil, inspirert av det beste innan europeisk kultur.

Skulpturen kom i 1877 til ”Nordiska museet i Stockholm. Der fekk den katalognamnet ”Djevelen frå Vossestrand”, sjølv om skulpturen manglar kjenneteikn på ein djevelfigur. I museet er den no eit av de finaste eksempel på treskjererkunst frå mellomalderen. Meir om dette kan ein lese jubileumsboka : ”Oppheim og Vinje kyrkje 100 år”. (Roald Lyngvær 1971), der har Reidar Kjellberg 10 sider med omtale av figuren.

På Sogelaget sin logo er det 2 spegelvende skulpturar. Det var òg 2 skulpturar som pryda dørstolpane på stavkyrkja. Løvekropp med menneskehovud. Ein fjern slektning med same skap er Sfinksen ved den store pyramiden i Egypt, men den er 3000 år eldre. Rart å tenkja attende. Tankane framover er mellom anna: Vossestrand må få ein fullverdig kopi av skulpturen. Originalen kjem aldri heim!

Nedst på brev og dokument vil Vossestrand Sogelaget forklare logoen slik:
Logo: Fabeldyr, portalskulptur frå stavkyrkje på Vossestrand i mellomalderen.

Du er kanskje òg interessert i: