Sogelaget

Utstyr til opptak av lyd og bilde

Vossestrand sogelag er eit lag som fremjar slekts- og lokalsoge og kulturvern i Voss kommune. Laget har utstyr til lydopptak og intervju som medlemmer og andre kan låna. Utstyret består av trådløse djii mikrofoner og ein zoom h6. Desse er gode for å gjera opptak av Vossestrand si kultur og soge. For å låna utstyret må du kontakta styret i sogelaget på e-postadressa Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. og skriva under ein låneavtale. Du må også gje sogelaget tilgang til opptaka dine. Me ynskjer at du vil nytta utstyret og bidra til sogelaget sitt arbeid.

                                                              

Elgato Video Capture

En praktisk enhet for digitalisering og lagring av gamle familieminne fra VHS-spillere, videospillere og andre analoge kilder.

Dette utstyret er ei gåve frå Voss Sparebank

Sogelaget sin logo

Sogelaget sin logo

Vossestrand er kjent for treskurd av høg kunstnarleg kvalitet. Logoen for Vossestrand Sogelag er eit bilete av den elste treskulpturen vi kjenner frå bygda:
Fabledyret som pryda ei stavkyrkje på Vossestrand i mellomalderen og som er Noregs elste og finaste skulptur frå stavkyrkjeportalar. Den kan vera frå før år 1300.

I årboka til Nordiska museet 1946 står mellom anna: ” -figuren fra Vossestrand står som et uovertruffet mesterverk - . Den tilhører en tid da vi med større rett enn noen sinne kan tale om en felleseuropeisk kultur.” Dette viser at Vossestrand i eldre tid ikkje var ei avsidesliggande fjellbygd. Bergen var største byen i Skandinavia i mellomalderen. Frå der var det stor trafikk austover gjennom Vossestrand med saker som vedkom administrasjon, forsvar, kyrkje og handel. I nyare tid var den trafikken knytt til ”Kongevegen” gjennom Vossestrand. No har me europavegen E16, men dei fleste køyrer forbi.

I mellomalderen gav ein gåver til kyrkja med von om god reise. Kyrkja på si side brukte innkomene frå dei mange reisande gjennom bygda til utsøkt kunst.
Ein veit ikkje kven som skar ut fabeldyret som pryda kyrkja. Det kan òg vera ein lokal kunstnar. Også i nyare tid har ein eksempel på lokal kunst av høgste klasse, med eigen stil, inspirert av det beste innan europeisk kultur.

Skulpturen kom i 1877 til ”Nordiska museet i Stockholm. Der fekk den katalognamnet ”Djevelen frå Vossestrand”, sjølv om skulpturen manglar kjenneteikn på ein djevelfigur. I museet er den no eit av de finaste eksempel på treskjererkunst frå mellomalderen. Meir om dette kan ein lese jubileumsboka : ”Oppheim og Vinje kyrkje 100 år”. (Roald Lyngvær 1971), der har Reidar Kjellberg 10 sider med omtale av figuren.

På Sogelaget sin logo er det 2 spegelvende skulpturar. Det var òg 2 skulpturar som pryda dørstolpane på stavkyrkja. Løvekropp med menneskehovud. Ein fjern slektning med same skap er Sfinksen ved den store pyramiden i Egypt, men den er 3000 år eldre. Rart å tenkja attende. Tankane framover er mellom anna: Vossestrand må få ein fullverdig kopi av skulpturen. Originalen kjem aldri heim!

Nedst på brev og dokument vil Vossestrand Sogelaget forklare logoen slik:
Logo: Fabeldyr, portalskulptur frå stavkyrkje på Vossestrand i mellomalderen.

Vedtekter for Vossestrand Sogelag

§ 1 Føremål.
Laget har til føremål å fremja interesse for slekts- og lokalsoge og kulturvern.
Laget vil samla inn og ta vare på alt som har verd for Vossestrand si soge, og som kan fortelja om folk sine levekår og kultur gjennom tidene.

§ 2 Verksemd.
For å nå dette føremålet kan laget samarbeida med skular, andre lokale organisasjonar, kommunale og fylkeskommunale organ.
- Skipa til møte, kurs omvisingar, registreringar, demonstrasjonar og innsamling av muntlege tradisjonar, musikk, målføre, stadnamn, bilete og anna av historisk verdi.
- Arbeida for at det kan verta gjeve ut årbok, -og/eller medlemsblad.
- Arbeida for vern av fornminne og kulturminne av alle slag.
- Arbeida i det heile for at det beste i fortida kan ha ei framtid.

§ 3 Laget bør vera medlem av Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie.

§ 4 Medlemskap.
Medlemer i laget er alle som betalar medlemspengane, som vert fastsett av årsmøtet.

§ 5 Årsmøtet.
Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av februar og gjerast kjent ved lysing i lokalavisa og med oppslag 2 veker før møtet vert halde.
Årsmøte skal:
 a - godkjenna årsmelding og revidert rekneskap for kalenderåret
 b - godkjenna budsjett og arbeidsplan for neste år
 c - velja:
       - leiar for 1 år, vald særskilt,
       - 4 styrelemer for 2 år, 2 står på val kvart år, (etter 1 år vert 2 trekt ut til val)
       - 2 varalemer for eit år, i rekkefylgje,
       - 2 revisorar eller 1 fagrevisor, for 2 år, 1 på val kvart år,
       - 3 lemer til valnemnda for 3 år, 1 på val kvart år, den som har sete lengst kallar 
           nemda saman, styrer valet på årsmøtet og går ut or nemda.
       Alle val skal vera skriftleg når nokon krev det, eller det er fleire framlegg.

§ 6 Ekstra årsmøte kan verta halde når styret gjer vedtak om det, eller når 1/3 av medlemene 
krev det. Ekstra årsmøte kan berre handsama dei sakene som er  kjende i utlysinga.

§ 7 Styret.
 Av styrelemene vel styret nestleiar, skrivar og kasserar.
 Leiar kallar styret saman.
 Styret kan gjera vedtak når 3 lemer møter, ved likt stemmetal har leiar dobbelrøyst.
 Styret kan organisera nemder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver, fagemne.
 Styret skal gjennomføra dei oppgåvene/sakene som årsmøtet gjer vedtak om.

§ 8 Vedtektsendringar kan verta vedtekne på årsmøtet med 2/3 fleirtal. Framlegg til 
 endringar må vera komne til styret innan utgangen av desember, og som eiga sak ved
 utlysing og innkalling til årsmøtet.

§ 9 Nedlegging av laget kan verta gjort når 2 etterfylgjande årsmøte vedtek det med 2/3 fleirtal.
 Laget sitt arkiv, aktiva og midlar går over til Hordaland Sogelag som avgjer då kvar arkivet
 skal plasserast og korleis midlane skal brukast.

 Vedtekne på årsmøtet 20. feb. 2001.   

Om skriftnemda

Skriftnemda i Vossestrand Sogelag gir ut årleg ein årbok med tittelen "Gammalt frå Stronde". Dette har dei gjort sidan 2001, og årboka inneheld historier frå Vossestrand som er samla inn og redigert av medlemmene i skriftnemda.

"Gammalt frå Stronde" er eit viktig kulturhistorisk dokument som gir ein verdifull innsikt i livet på Vossestrand i tidlegare tider. Årboka inneheld artiklar om lokalhistorie, kultur, folkeliv, næringsliv og anna som har vore ein del av Vossestrands historie. Artiklane er skrivne av lokale forfattarar, historikarar og andre som har ei tilknyting til Vossestrand.

Skriftnemda i Vossestrand Sogelag ønsker å takke dei mange bidragsytarane som kjem med artikklar til årboka kvart år. Det er takka vere deira innsats og engasjement at "Gammalt frå Stronde" har blitt ein så populær og verdifull publikasjon.

Skriftnemda har samla inn og bevart historiske dokument og fotografier i årevis. Desse ressursane blir brukt til å skape artiklar som gir ein levande og interessant beskriving av livet i Vossestrand i fortida. Årboka gir også ei god innsikt i lokale hendingar og personar som har vore viktige for utviklinga av kommunen.

"Gammalt frå Stronde" har blitt svært populært på Vossestrand. Det er eit verdifullt dokument for alle som er interessert i Vossestrands historie og kultur, og det har bidratt til å auke interessa og bevisstheita om kommunens fortid. Årboka er også eit nyttig verktøy for skular, bibliotek og andre som ønskjer å studere lokalhistorie og kultur.

Skriftnemda i Vossestrand Sogelag er ein viktig organisasjon som arbeider for å bevare kommunens historie og kultur. Årboka "Gammalt frå Stronde" er eit resultat av deira innsats, og det er eit verdifullt bidrag til kulturlivet i kommunen. Gjennom sitt arbeid har skriftnemda bidratt til å auke interessa og kunnskapen om Vossestrands historie, og dei har sørget for at komande generasjonar vil ha tilgang til verdifull informasjon om kommunens fortid.

Om fotogruppa

Me vil ha fleire gamle bilete!
 
Vinteren er på her og det er mange som har god tid i heimen. Bruk gjerne tida til å sjå igjennom gamle bilete. Kanskje har du gamle bilete som kan vera kjekt å få lagt ut på Sogelaget si Fotoside.
Har du ikkje høve til å scanna bileta sjølv, så ordnar me i fotogruppa saken.
 
Ta kontakt med Oddvar Drevsjø (Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.) eller Odd Henry Hommedal (Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.).
 
(Ps. Bilete som du legg ut på Facebook sidene "Strandadisken" eller på "Gamle bilete og historiar frå Vossestrand" har me ikkje lov til å kopiera over til Sogelaget utan vidare. Det må du gje oss tillatelse til.)

Underkategorier