Sogelagstur

Sogelaget på tur i Myrkdalen 2018

Under tittelen "Bli kjend i di eiga bygd" skipa Vossestrand Sogelag til spasertur i Myrkdalen 25. august 2018.

Sommarturen til sogelaget gjekk i år frå Ulvund, om Nesheim og forbi Flisram og Bygd. Me la også turen innom Treskjærartunet, for så å enda opp i ungdomshuset i Myrkdalen.

Me var ca 25 stk som møtte opp på Ulvund hjå Kåre og Anne Lise. Der fekk me eit interessant innblikk i arbeidet deira med kulturlandskapskapet. Dei driv mellom anna med lauving av styvingstre der alm er hovudtresorten, men og selja og bjørk. 

Det er eit svært krevjande terreng dei driv i og det ligg mange timars hardt arbeid bak det landskapet dei kan syna fram. Dei har sauer som beiter vår og haust, og lauvkjerra vert brukt som for i tillegg til høy og silo. Kåre fortel det er ekstra godt å kunna gje lauvkjerr til sjuke dyr for å stimulera matlysta.

Kåre og Anne Lise har fått Hordaland fylkeskommune sin kulturlandskapspris for arbeidet dei har lagt ned på Ulvund.

Les meir om garden Ulvund på myrkdalen.org.

Før me gjekk frå Ulvund fortalte Ingeborg Backer om garden Nesheim og dei ulike bruka der. Me fekk ei interessant innføring om bruksdelinga før og no.
Me fekk og høyra om jordbruket og stølane som høyrer til garden. Me stogga fleire gonger under vegs langs gardane på Nesheim, og Ingeborg fortalde og viste bilete ho hadde med til stor interesse for turdeltakarane.

Me hadde ein kort stopp under Bygd, der me fekk høyra litt om desse gardane.

Me vandra så langs riksvegen til Treskjærartunet der me fekk høyra om verksemda deira og grunnleggjaren for verkstaden, Sjur Mørkve. Det var Arne Mørkve og Geir Nymark som fortalde og viste rundt i verkstaden.

Til slutt vart det kaffi og kaker i ungdomshuset i Myrkdalen. Arne Johan Dregelid viste fram film om diktaren, bonden og politikaren Sjur Bygd. Arne Johan hadde og med film om stølslivet i gamle dagar på Vossestrand. To kjekke og interessante filmar som ei fin avslutning på ein flott tur.

Takk til alle som var med og gjorde dagen så bra!

Tekst og foto: Kari Mørkve Jordalen.

Sommartur med Sogelaget 2017

Sommartur med Sogelaget 2017

Sommartur med Sogelaget frå Gavle til Egdetveit i Holbygda sundag 27. august 2017.

I år gjekk sogelagsturen langs Holbygdvegen frå Gavle til Igdetveit. Ein tur på 3,5 km.  Klokka 12.30 var vel 30 personer møtt opp i tunet på Gavle. Været var strålande så ein kunne gå lettkledd på turen. 

Me var heldige med å få med oss kjentfolk til å fortelja om dei ymse gardane som me skulle passera på turen.

Brynjulv Herheim byrja med å fortelja om gardane på Gavle, Herheim, Sausjord og Gilbakken. Han gjekk langt attende i tida og kunne fortelja at på 1600-1700 talet så var det 160 teigar på Gavle! 

Ved utgravinga på flatane ved skulen i 2010, i samband med utbygging av barnehagen der, så vart det avdekka eit tunanlegg frå sein jernalder. I fylgje rapporten om utgravinga så er dette eit teikn på at Sausjord var ein sentral samlingsplass for bygdene på Vossestrand på den tida. På Herheim har det også vorte funne fornminne.

Brynjulv fortalde også kva dei ymse gardsnamna heitte frå gamalt av. Gavle heitte på 1600-talet Gauffll,  Herheim heitte Herrenn og Sausjord heitte Søfsjord.

Elles kunne han fortelja at det hadde vore mange husmannsplassar under Gavle, Herheim og Sausjord. Såleis var både Gavlshaugen og Lomsdalen husmannsplassar under Gavle. ”Harkahaugen” (Øyestad), Herheimstråne og Skjelvikje opphavelege husmannsplassar under Herheim og Kroken husmannsplass under Sausjord.

At Gjest Baardsen også hadde vore på besøk her vart nemnt, då han i 1812 gjorde innbrot hjå Marta Sonnesdotter Herheim.

 

Sogelagstur


Frå Gavle gjekk me vidare til Tveite.  Ingebjørg Tveite (89), sat og venta på oss nede ved vegen. Ho fortalde om drifta på garden. Mannen, Viking, overtok bruk 3 i 1954 og seinare også bruk 2 i 1963. Dei bygde fyrst ny drifts- bygning og så nytt bustadhus som stod ferdigt i 1974. Sonen, Magnar, tok over garden i 1997, og han har bygt om driftsbygningen til lausdrift og datastyrt foring og mjølking.

Det andre bruket på Tveite, bruk 1, skøytte Martin S Tveite over på sonen, Steinar Terje, i 2004.

 

Sogelagstur

Turen gjekk så vidare til Høn, der Arne Høen, venta på oss. På Høn er det tre gardar: Vetla Høn, Myra Høn og Stora Høen. Arne fortalde at det vart dyrka mykje korn her i eldre tid. Gardane var fram til 1800-talet eigde av kyrkja, og var då bygselbruk. 

På Vetla Høn står det ein gamal bygning som er fleire hundre år gamal.  Noko som ein av turgåarane vart svært så interessert i. Han mintest å ha vore i det huset i sine yngre år.

På Haga hadde me ein kort stopp. Her er det no tre gardsbruk. Det var også ein husmannsplass her som heitte ”Kristofferhaugen”.

Etter å ha passert Haga overtok Jorunn Gjøstein som kjentperson og forteljar.

Me kom til Bratthole og Brattholehaugen.  Deler av bruket ”Brattholelhaugen” var opprinneleg ein husmannsplass.

Ho fortalde at på Bratthole var husa lenger oppe før, og det samme gjalt vegen. Gamle vegen gjekk då gjennom tunet til Mundal (Engjaland), på Haga, så gjennom tunet på ”Brattholehaugen” og vidare opp til Bratthole garden.

På Bratthole vart det til 17. mai 1898 sett opp ei flaggstong, kor ytste holbygdingane samlast 17. mai. Til Egdetveit Ungdomslag sitt 50 års jubileum i 1948 vart det hogt emne til ny flaggstong, og som vart teken i bruk det året. I 2001 sette ungdomslaget opp ny flaggstong av metall.

Det er framleis tradisjon å gå 17. mai-tog til ”Flaggstonghaugen” på Bratthole.

I grensa mellom Brattholehaugen og hovedbruk A på Bratthole er me på ”Reino”.

Sogelagstur


Neste gard var Straume.  Her budde i si tid Kolbein Straume, som var ein av dei som var med i Vossestrand bulldosarlag.  Han var maskinkøyrar.  Han omkom ved ei ulukke under BKK si utbygging på Evanger i 1968.

På Hydningen losna det ei jordskreda ovanfor husa i 1932 og reiv stova med seg. Kona på garden, Marta f. Midthun, og sonen, Knut 3 år gamal, omkom.  Svigerfar til Marta, Knut O. Hynningen, døydde også av skadane om kvelden samme dag.  Jordskreda tok dermed tre liv den dagen.

Sjur P. Lid kjøpte garden av Hermann Hynningen i 1977, seinare overtok sonen, Sigbjørn, bruket i 1987.  Jorunn Gjøstein er eigar i dag.

Neste gard er Meland, som er delt opp i øvre- og nedre- Meland.  På øvre Meland er Johan Fjellby fødd.  Han var utdanna lærar, men kanskje mest kjend som musikar og forfattar.

Sogelagstur

På Holo fekk me mellom anna vita at her voks treskjeraren, Kolbein Hommedal opp, før han seinare busette seg i Arna. Senterparti- politikaren, Anita Jordalen, bur og her på bruk 5.

Siste stopp var Igdetveit.  Her står ungdomshuset ”Solhall” og her ligg skulestova.

Den fyrste skulestova var ”Prestestuen” som vart flytta frå Øvre-Vinje og sett opp her i 1875.  Nytt skulehus vart bygt i 1928, og det gamle huset vart teke i bruk som ungdomshus i 1929.  Sjur Giljarhus var siste læraren her då krinsen vart nedlagd i 1966.

Etter gjennomført tur vart alle inviterte inn i ungdomshuset til kaffi/saft og kaker. 

Sogelaget takkar kjentfolka som var med og fortalde langs turvegen:

Brynjulv Herheim, Ingebjørg Tveite, Arne Høen og Jorunn Gjøstein.

Takk også til alle som var med oss på turen!

Tekst og foto: Einar Midtun

Sogelagstur

 

Sogelaget på tur til Amerika 2016

Sogelaget på tur til Amerika 2016

Biletet viser turdeltakarar frå Vossestrand Sogelag. Arrangør (Carrol Juven t.h.), guide (Trond Pedersen t.v.), sjåfør (Luther Striker)

På tur til Midt-Vesten, USA, med Vossestrand sogelag.

20. september - 4. oktober 2016.

Styret i sogelaget vedtok hausten 2015 å prøva å få til ein tur til det norske Amerika hausten 2016, og ei nemnd med Sjur Vinje, Trygve Dugstad og Arne Gilbakken fekk i oppdrag å utarbeida eit turopplegg.

Etter at påmeldingsfristen var ute hadde 35 personar meldt seg på turen, og turen kunne gjennomførast.

Trygve hadde kontakta eit amerikansk reiseselskap i USA, Juven Tours & Travel, som var ein velkjend arrangør av reiser til Noreg for norsk-amerikanarar og reiser i USA og midt-vesten for nordmenn.

Turen starta med buss om morgonen 20. september til Flesland, og vidare med Iceland Air via Stavanger og Reykjavik, Island. Me landa i Minneapolis, Minnesota om kvelden, litt ørne i hovudet etter ein lang flytur og 7 timar tidsforskjell. Mr. Carrol T. Juven, Trond Pedersen (norsk guide) og Luther Striker (buss-sjåfør) tok i mot oss på flyplassen i Minneapolis og køyrde oss til hotellet.

Neste morgon var det sightseeing i Minneapolis og tvillingbyen St. Paul, som er hovudstaden i Minnesota. Her fekk me mellom anna sjå statua av Knute Nelson framfor Minnesota State Capital, St. Paul Cathedral og elles mange store høghus (skyskraparar).

Neste dag gjekk turen til St. Olaf College, Northfield, MN. På bussen dit fortalde Arne, som har studert der, svært interessant om den norske emigrasjonen til USA. På St. Olaf College vart me godt mottekne. Etter ei omvisning av skuleområde fekk me førelesing om historia til skulen, som vart grunnlagt i 1874 av norsk-amerikanske innvandrarar med pastor Bernt Julius Muus som leiar. Her har dei eit stort arkiv om norske innvandrarar som er tilgjengeleg for slektsgransking, Norwegian-American Association (NAHA).

Under lunsjen på St. Olaf vart det delt ut gåver frå sogelaget. Det var ættebøkene I og II, gardssogene for Oppheim og Vinje sokn, to fotobøker frå Voss, ”Dikt i samling” av Per Sivle og video frå avdukinga av ”Mor si grav” og bilete frå Strondè av Arvid Norendal. Deretter song me ”Den fyrste song” på både norsk og engelsk og ”Strandasongen”. Ved inngangen til eit av husa på St. Olaf fekk me sjå ei utskjering av hovudet til Elling Eielsen, som det er teke avstøyping av i bronse og montert på bautaen ved Vinje kyrkje.

Turen gjekk vidare til Albert Lea og Northwood. Det var mange frå vossedistrikta som slo seg ned her, og fleire av oss fekk helsa på slektningar. Lokale guidar tok oss med på ein busstur i området, og i Northwood dukka lokalavisa og ordføraren opp. Her vart det teke gruppefoto og intervju, så neste dag var me kanskje omtala i lokalavisa? Det vart også tid til eit museumsbesøk før me reiste vidare til Lake Mills. Her var det reist eit minnesmerke, ”Norwegian American Immigrant Family Monument”, som er til minne om dei norske innvandrarane frå Noreg. Me var også innom eit viktoriansk hus, som no var eit museum. 
I Emmons stoppa me og fekk koma inn på borgarmeistaren sitt kontor, der det var bilete av Sjur K Vinje (bror til Robert K Vinje) som var borgarmeistar i Emmons 1934-1938. Han utvandra til USA i 1913.
Me kom så til ein liten plass som heiter Vinje. Plassen er oppkalla etter Vinje-slekt som busette seg her. Her stoppa me ved kyrkja, Bethel Lutheran Church, som me besøkte. Like ved var det ein gravplass med mange kjente norske slektsnamn. Her var det også ein liten pub og kiosk, der fleire nytta høve til å kjøpa seg ei Vinje T-skjorta.

I Decorah, IA, besøkte me Vesterheim Museum. Det vart grunnlagt i 1877, og er det eldste og mest omfattande museum i USA når det gjeld den norske immigrasjonen. Samlinga omfattar meir enn 24000 museumsgjenstandar. På området ved museet er det fleire bygningar, ei norsk luthersk kyrkja og fleire præriehus. Eit præriehus som står inne i museet har tilhøyrt Eirik Selland, som utvandra frå Selland på Oppheim til Big Canoe, Iowa.

I Decorah ligg også Luther College som vart grunnlagt i 1861 av norske emigrantar. Her fekk me førelesing om Belmont massakren i 1862, som var ein del av det store Sioux opprøret, der over 800 kvite vart drepne i Midtvesten i løpet av ei veka. Sioux indianarar drap mange nordmenn. 13 vossa-emigrantar vart drepne, dei fleste var frå Evanger. Me fekk også førelesing om den norske emigrasjonen til Amerika. Begge førelesarane fekk kvart sitt bilete frå Strondè av Arvid Norendal.

Om kvelden kom me til La Crosse, WI. Etter overnatting her og ein busstur rundt i byen, reiste me vidare til Westby, WI, som er ein liten ”Norsk” by med mange små butikkar som selde ”norske” varer.
Nord for Westby køyrde me forbi eit skihoppanlegg med fem hoppbakker. I den største bakken har nordmannen Fredrik Bjerkeengen bakkerekorden på 130 m frå 2008.

Me køyrde så vidare til Norskedalen Nature and Heritage Center i Coon Valley. Her er det tømmerbygningar frå norske innvandrarar på slutten av 1800-talet og museum med utstilling av natur- og kulturminner i området.

Den lokale guiden fortalde at det hadde regna svært mykje dei siste dagane. Han kunne ikkje minnast at det hadde kome så mykje nedbør på så kort tid. Dette fekk me også merka då fleire av vegane var stengde av flaumvatn og bussen måtte køyra omvegar for å koma fram.

Frå Norskedalen køyrde me vidare til Eau Claire, WI. Etter å ha overnatta her kom me til Duluth, MN. Denne byen ligg ved Lake Superior som er den nest største innsjøen i verda med 82100 km2. Her er det ei stor bru (Aerial Lift Bridge) som hevar seg loddrett når båtar skal passera. Frå Duluth køyrde me vidare til Grand Forks. ND. Her var det store flate vidder og me fekk oppleva prærien i Nord Dakota.
Etter overnatting i Grand Forks var me no komne til tysdag 27.9., og me køyrde vidare til Minot ND. På vegen dit passerte me Rygby som ligg midt i Nord Amerika. 

I Minot var me inviterte til opninga av Norsk Høstfest, som er ein fem dagar lang fest som går ut på å feira dei skandinaviske røtene. Norsk Høstfest vart grunnlagt av Chester Reiten og nokre nære vener i 1978 for å halda norske tradisjonar i hevd med å visa fram norsk mat og drikke, og generelt norsk kultur. Seinare kom dei andre skandinaviske landa også med. Kvart år kjem det mange norske og internasjonale artistar for å opptre. Den norske countrysongaren Bjøro Håland har vore med i mange år. I år var også brørne Didrik og Emil Solli-Tangen med. I tillegg var det også kulturelle innslag frå fleire kantar av Noreg, mellom andre deltok Naustdal Spelemannslag med folkemusikk og dans. Sogelaget fekk tildelt billettar til konsertane med Daniel O Donnell og Neil Sedaka.

Om kvelden var me inviterte til The Scandinavian America Hall of Fame banketten. Det var ei høgtideleg handling som byrja med at ein solist frå kvart av dei skandinaviske landa song sin nasjonalsong. Frå Noreg var det Bjøro Håland som song ”Ja, vi elsker”. Deretter var det utdeling av prisen, som var ein Ole Bull statuett. Den vart utdelt til personar som har gjort det godt i USA, og som har norske anar. Her fekk Stein Ove Fenne, som er født på Dale, pris for sin innsats og leiar av tuppevarer i Nord Amerika/Canada. 

I Minot var me også innom Scandinavian Heritage Park, der det er ein kopi av Gol stavkyrkje, statuer av Sondre Norheim og Leiv Eiriksson.

Etter tre dagar på messeområdet var me vel nøgde og reiste vidare til Bismarck, hovudstaden i Nord Dakota. På vegen dit var me innom plassen der indianarar protesterer mot ein oljerøyrleidning som skal leggjast gjennom fira delstatar. Dei protesterar fordi dei fryktar for at oljeleidningen vil føra til forureining av grunnvatnet og fordi utgravingane rører ved heilage gravplassar og bønnestadar. 200 indianarstammer har gitt støtte til aksjonen, først og fremst frå Sioux stammane Standing Rock og Cheyenne. Det var også norske samar med i denne aksjonen.

I Fort Abraham Lincoln State Park ved Mandan, ND, fekk me sjå plassen der general Custer budde. Der er det nå rekonstruerte militære bygningar, inkludert Custer House. General Custer budde på denne plassen før han vart drepen av Sioux og Cheyenne indianarane under slaget ved Little Bighorn, Montana, 25. juni 1876. Indianarane vart leia av Crazy Horse og Sitting Bull.

I Bismarck fekk me koma inn i Nord Dakota sin delstatskapitol. Ein bygning på 19 etasjar og skil seg såleis ut frå andre kapitolbygningar. Frå toppetasjen kan ein sjå 56 km utover! Her fekk me også sjå Representantenes hus som har 94 representantar og Senatet som har 47 senatorar. Me fekk også tid til å gå igjennom museet som var i bygningen, der ein mellom anna kunne sjå skjelett av dinosaurar og mammut.

Frå Bismarck reiste me vidare til Fargo, ND. På vegen dit stoppa me i Jamestown. Byen er kjent som bøffel-byen med verdens største bøffel, i betong! Me fekk også sjå den sjeldne kvite bøffelen (albino) som gjekk på beite saman med ein flokk andre bøflar. Me var også innom ein ”Western landsby” og hesteauksjon.
I Fargo hadde me to overnattingar. Her vart det tid til både sightseeing og handling. På farmane kunne me sjå at dei hausta inn sukkerroer og meis. Ved universitetet i Fargo står det ein bauta av Bjørnstjerne Bjørnson. Her stilte me opp og song ”Ja, vi elsker”. Det vart litt høgtideleg. 

I Moorhead, MN, som er naboby til Fargo, besøkte me Heritage Hjemkomst Center. Der er det ein kopi av Hopperstad stavkyrkje og eit vikingskip. Stavkyrkja vart bygt av Guy Paulson frå Fargo, og gitt som gåve til Moorhead by og Hjemkomst Senteret i 1998. Vikingskipet ”Hjemkomst”, vart bygt av Robert Asp frå Hawley, Minnesota, etter modell av Gokstad-skipet. I 1982 sigla skipet frå Duluth, MN, til Bergen med eit mannskap på 13 personar. Etter 72 dagar og 9817 km kom dei til Bergen 19. juli 1982. Skipet vart i 1983 transportert attende til USA, og seinare donert til byen Moorhead og plassert utstilt på Heritage Hjemkomst Center i 1986.
Siste kveld i Fargo åt me middag på Kringen Lodge 25 & Kringen Klub/Sons of Norway. Her fekk Carrol T. Juven i reiseselskapet Juven Tours, buss-sjåføren Luther Striker og guiden vår Trond Pedersen kvart sitt biletet av Norendal. Sogelaget fekk ein plakett med fylgjande tekst: 
Presented to Vossestrand Sogelag. Thank you for your visit to Kringen Lodge 25 & Kringen Klub Fargo, ND. October 2, 2016.

På den siste dagen i USA, 3. oktober, besøkte me to farmar. Haarstad Farm i Rothsay, MN. og Anderson Farm i Alxandria. 

På Haarstad Farm fekk me sjå at dei hausta inn soya bønner. Her var det ei maskina som tok 13 m i breidda og hausta 600 mål for dagen! Me fekk også sjå ei stor samling av eldre traktorar.

Anderson Farm hadde ei stor samling av gamle amerikanske bilar, traktorar og andre landbruksmaskiner og utstyr. Me fekk oss også ein traktorsafari gjennom skogen. Etterpå vart me inviterte inn i huset, der kona hadde ei enorm samling av dokker. 
Søskena Magnar og Oddny Kleiva frå Naustdal, som er kjende frå filmen ”Søsken til evig tid”, besøkte denne farmen då dei var i Amerika i 2015.

Siste stopp på vegen til flyplassen i Minneapolis var i byen Alexandria, der me først fekk sjå den 28 fot høge statua av ”Big Ole”, som er ”USA’s største viking”! Deretter stoppa me ved huset til Knute Nelson (1843-1923). Han var født på Evanger og emigrerte til Amerika saman med mora i 1849. Under den amerikanske borgarkrigen tenestegjorde han i hæren til Nordstatane. Han var medlem av Representantenes hus frå 1883 til 1889. I 1892 vart han vald til Minnesota sin 12. guvernør og vart attvalt i 1894. Han sat i embetet til 31. januar 1895, då han trekte seg for å førebu seg til å verta senator. I 1895 vart han vald som representant for Republikanarane til det amerikanske senatet. Han var ein høgt respektert senatsmedlem fram til han døydde i 1923.

Frå Alexandria køyrde me direkte til flyplassen i Minneapolis. På bussen fekk reiseleiarane våre: Trygve Dugstad, Arne Gilbakken og Sjur Vinje kvar sin ”Høstfest”gensar og takk for at dei hadde gjort turen så vellukka for oss. Me hadde hatt 14 innhaldsrike dagar i Midt-Vesten, USA, og kunne reisa heim att med mange gode minner og bilete. Fleire av oss hadde også fått helsa på slektningar og vener.
Tysdag 4. oktober landa me på Flesland ved middagstider, etter eit kort opphald på Island.

Takk for turen!

Einar Midtun
Ref.

 

Sogelaget i USA
Præriehus på historisk museum i Northwood, Iowa.

Sogelaget i USA
Monument over norske emigrantar til Amerika.

Sogelaget i USA
Huset til Knute Nelson i Alexandria, Minnesota.

Sogelaget i USA
Opplysningstavla om Knute Nelson framfor huset hans i Alexandria.

Sogelagstur til Jordalen

Sogelagstur til Jordalen

Sogelaget skipa til tur til Jordalen 28. august 2016. For mange var dette første turen gjennom den nye tunnelen til Jordalen, som vart offisielt opna laurdag 18. juni i år. Omlag 40 personar møtte opp, og dei fleste var med på turen til Nåsastølen. Turen gjekk frå skulestova via kyrkjegarden, gamlevegen til Nåsastølen og attende på bilvegen til skulestova. Ein tur på ca 1 1/2 time. 

I skulestova vart det først servert betasuppe som Arne Johan Dregelid var meistar for, og som det var mykje skryt av. Trond Olav Neteland viste så videofilm om gamlevegen og Jordalen i fira årstider. Så overtok Kari Mørkve Jordalen som fortalde om Jordalen, og om den nye vegen som betyr alt for å kunna verta buande i Jordalen. Etter kaffi og kaker var det tid for å sjå fotoutstillinga "Ferdslevegar til Jordalen" som var svært så interessant å sjå.

Tilbakemeldingane frå dei som var med på turen var svært positiv, og vêret var òg med oss. Det var delvis skya, opphaldsvêr med enkelte solglytt.

Takk for turen!

 

Bilete frå turen:

Sogelagstur Jordalen
Turdeltakarane samla på kyrkjegarden framfor gravkapellet i Jordalen.

Sogelagstur Jordalen
Stans på brua for registrering i "mantalet".

Sogelagstur Jordalen

Nåsafossen

Sogelagstur Jordalen

Nåsasstølen med Nåsen i bakgrunnen. 

Sogelagstur Jordalen
Arne Johan Dregelid laga god betasuppa.

Sogelagstur Jordalen
Kari Mørkve Jordalen kåserer om Jordalen i skulestova.

Sogelagstur Jordalen
Trond Olav Neteland, leiar i grendalaget (til høgre), har nyst vist videofilm om gamlevegen og Jordalen i fire årstider.

Sogelagstur Jordalen
Altertavla i Jordalen kapell, av Sjur Mørkve.

Sogelagstur Jordalen
Frå fotoutsstillinga "Ferdselsvegar til Jordalen".

Sogelagstur Jordalen
Berit Christensen f. Øyestad frafmor snøtunellen.