Vossestrand Sogelag prosjekt: "Jakobskyrkja". Merking og opprusting av gangstiar
På Vossestrand er det lang tradisjon for å vitje Jakobskyrkja, ei fjellhole i Helgaberget.
Om lag 4 km frå Oppheim og 4 km frå Vinje. Om lag 600 m stigning frå Vinje og, 500 m stigning frå Oppheim
Eit par tusen har skrive seg inn i gjesteboka, som ligg i hola, det siste ti-året.
Vegen til Jakobskyrkja er no merka med enkle merka stolpar frå Finne til Jakobskyrkja. Men vegen frå Vinje mot Helgaberget til Jakobskyrkja var òg mykje brukt.
Søkt i 2010 om kulturmidlar frå kommunen.
Ein føreset at alle grunneigere på strekkja skriv på samtykke
Vegen skal merkast med piktogram i blå farge ( Tursti klasse)