Gunnar Engeland fortel om eit møte med Knut Løken. Natt til 18. april 1942 starta det ein ekspedisjon med kodenamnet RAVEN frå England til Norge.
Desse var med:
William Waage.
Christian Tønseth.
Louis Pettersen.
Gustav Merkesdal.
Dei skulle hoppa ut i fallskjermar over Piksvatnet. Det polske mannskapet på flyet hadde vanskeleg for å orientera seg. Karane fekk varsel og hoppa ut. Samstundes slepte dei ut eit lass med utstyr. Vel nedkomne skulle karane finn att utstyret, men mykje av det kunne dei ikkje finna. Dei vanta både soveposar og ski, som var det viktigaste av alt. Dei kunne heller ikkje fatta kvar dei var nedkomne. Ingen ting stemde med kartet. Dei fann ein støl, og tok inn der. l selet fann dei ein gamal bibel med eit namn på Trefall skrive på permen. Dei hadde landa på Trefallstølen nordvest for Ekse og Gullbrå i Eksingedalen. Etter droppet, skulle flyet dra mot Voss og kasta ut flygeblad over Vangen. Ein dag eg var til Vinje,måtte eg Knut Løken på lageret til Odd Vinje på Flatebøen. Brått tok Knut opp ein bunke med trykksaker or stikklomma på vindjakka si. "Her ska du sjao, ha ha," sa han. Der stod han med neven full av flygeblad som var berekna på å pigga opp stemningen her i landet. Der var fargetrykk med bilete av Kong Håkon og opprop frå Kongen til det norske folket.Der var parolar og meldingar frå regjeringa og overkomandoen for dei norske styrkane i England. Han hadde funne det oppe i skogavakset der han til vanleg hadde snarelinja si.Eg spurde han om der var meir av same slaget. "Å du mao´kje snakka.Det hekk tjukt i alde kraka", sa Knut og skratta meir enn noko sinne. Knut Løken budde på Løkjo, ein fjellgard bakom Holalida. Til dagleg kalla vi han "Villmarkens sønn." Han var ein svert god jæger og ein hardbalen kar. Truleg hadde dei ikkje blenda på Løkjo. Ingen kontrollerte det der. Då så mannskapet på Halifaxen såg ljos under seg, lempa dei ut heile lasta med flygeblad og strødde dei etter snarelinja hans Knut. Eg pråvde å formana han, sa han måtte halda kjeft og vera forsiktig og ikkje bera slikt på seg. Jau, han var på ein måte klar over det, men han skratta godt og tok det ikkje så svært alvorleg, trur eg. Eg høyrde aldri seinare at han hadde vist desse flygeblada til andre. Den gongen trudde eg at eit fly hadde "mist" ei pakka ved eit uhell. Først då LINGEBOKA kom ut, der Tønseth og Waage sine bravader var omtala, skjøna eg samanhengen. Det var sjølsagt leidt at flygeblada som var berekna på Vossavangen hamna på Løkjo, men det er slikt som hender.