Halstein Hummlebrekke

Halstein Hummlebrekke

Horda Tiden ca 1985

Førtiårs-minne frå krigens dagar

Ein staur og ein piassavakost var torturreidskapa

Det var klokka halv seks om morgonen tyskarane kom og dundra på døra. Nordmannen Alfred Josef Gardner og tyskaren Holtzneyder var dei som førde ordet og handdivla. Turen gjekk i fyrste omgang til Tvildemoen. Der fekk eg den fyrste omgangen. Ein piasavakost og ein staur gjorde tenesta som torturreidskap. Etter eit stutt opphald på Tvildemoen gjekk turen til Bergen. Det var ingen lysttur. Ein tenkte vel helst at det kansje var siste turen.

Det er Halstein Humlebrekke på Vossestrand som dreg fram desse dystre førtiårs-minna. Han vart arrestert saman med fleire andre strendingar siste dagane i mars 1945. Tyskarane hadde ei lista med over tjue mann som grunnlag for arrestasjonen. Denne lista låg på eit bord på Tvildemoen. Det var då han Hallstein glytte bort på denne lista at piasavakosten og stauren vart teken i bruk.

Han Georg Borge var tidleg oppe den morgonen han Hallstein vart arrestert. Då han oppdaga kva som stod på tok han telefonen og ringde bort på Øyjordet til han Ivar. Han fekk sovidt på seg kleda og kom seg opp i skogen før tyskarane kom og dundra på. Fleire andre av dei tjue strendingane som stod på lista kom seg òg bort i tide. Men ein seks sju mann som var med i det illegale arbeidet fall i tyskarane sine hender desse dagane. Det var etter historien i Granvin der kaptein Skaatun fall i tyskarane sine hender at tyskarane gjekk til aksjon på Vossestrand. Kor vidt desse hendingane hadde samband med einannan er ikkje so godt å seia. Det kjem vel heller aldri for ein dag korleis tyskarane hadde fått tak i dei namna som stod på den nemnde lista på Tvildemoen.

Han Halstein fekk lag med kaptein Skaatun på turen til Bergen. Han hadde nye gode beksaumsko. Desse baud han fram, Han rekna ikkje med å få bruk for dei meir. Men han Hallstein tok ikkje imot denne gåva. Han trudde det var små sjansar til at han ogso fekk bruk for skorne.

Kva gale var det han Halstein hadde gjort i tyskarne sine augo? Jau, tyskarane hadde sterke mistankar om at han hadde transportert våpen og anna illegalt materiell til heimefronten på Vossestrand. Han køyrde nemleg lastruta mellom Voss og Vossestrand i dei dagar. Vidare vart han vel og mistenkt for å vera med i heimestyrkane. Spørsmålet var kor mykje tyskarane visste og kor mykje dei gjette seg til.

For han Halstein hadde mykje på samvetet.Det var han som for det meste frakta posten som gjekk mellom heimefronten sentralt og leidinga for heimefronten på Vossestrand. Dette gjorde han på ein snedig måte. Breva låg i handpumpa som vart bruka til å pumpa luft i hjula.

Han frakta og ein god del våpen og ammunisjon. I dei dagar vart lastebilane bruka som turbussar. Difor var det ei nedsenking i midten på lasteplanet. Her hadde han Halstein det fårlege matrialet. Ved ein kontroll måtte dei i tilfelle lessa av heile lasset for å koma ned i løyndarrommet.

Jau han hadde endeleg nok på samvetet han Halstein. Den lydlause pistolen som angjevar Njøten vart skoten med i Bergen,hadde han òg vore med på å prøveskjota. Kula splintra ein tre toms planke. Men ein høyrde ikkje ein lyd frå sjølve våpenet.

I fyrste omgang hamna han Hallstein på krinsfengselet i Bergen. Men etter eit par dagar vart han henta inn til avhøyr og sett på einecelle. Avhøyret dei to fyrste dagane gjekk ut på at han vart sett på ein stol med armane festa til stolsætet med handjarn. I to samfulle dagar sat han slik frå klokka ni om morgonen til klokka fire om ettermiddagen utan at det vart sagt eit ord til han. Dette var sikkert ein lekk i eit oppmjukingsprogram som tyskarane innleida med.

Tidlegare under krigen vart han Hallstein sendt nordover på vegarbeid. Dette var ein lekk i den sokalla nasjonale arbeidsinnsatsen. Tyskarane var svært interesserte i denne ferda. Dei insisterte på at det var heimefronten som hadde sendt han dit

Når det gjaldt transporten til Vossestrand ,hevda han Hallstein at han køyrde dei varene som skulde dit utan å veta eller granska kva innhaldet var. Nokre karbiddunkar som han Hallstein lasta av bilen i vegskiftet i Holbygda kom sterkt i framgrunnen under avhøyra. Det var ikkje karbid i desse dunkane. likeins vart det spørsmål om varer som han hadde lasta av på Vinje. Tyskarane hevda under avhøyra at det hadde vore eit samarbeid mellom han Hallstein og han Odd Vinje. Den sistnemnde skulde ha lova han Hallstein eit dressty for transporten.

Det han Hallstein oppdaga under avhøyra var at tyskarane i realiteten visste svært lite. Dei greide heller ikkje å banka or han Hallstein nokon serlege opplysningar. Men opphaldet på einecella varde i heile elleve dagar. i denne tida var maten ei einaste brødskiva for dagen. Ein trebenk var lega dei fekk. Men ogso i denne tida var det ljospunkt. Ein tilårskomen austerrikar var nattevakt. Han sette meg til å bøta sokkar. Ein sigarettsneip og to fylgde med dei sunde sokkane.

Den nemnde austerrikaren kom til Voss då krigen var slutt. Han var mellom dei krigsfangane som arbeidde veg til Afdal.

Etter opphalde i gestapohuset vart han Halstein sendt attende til krinsfengslet. Her var maten god. Men opphaldet på cella var ikkje noko hotellopphald. Dei var 10-12 mann om å dela ei bytta som vart tømd ein gong for dagen.

Me var redde tyskaren som var sjef i fengselet. Han brøla verre enn ein rasande okse. Men her var det noko som ikkje stemde. Kvar torsdag kom det ein unggut som etla ut litt tobakk og anna småtteri. Dette undra me oss over. Løysinga kom med freden. Då tok den nemde tyske fengseldirektøren mot oss som kom frå fangeleiren på Espeland og ynskte oss til lukka med freden. Han hadde spela ei dubbeltrolle ,eit høgt spel for ein tyskar.

Julinga og avhøyra var dei to tidlegare omtala tyskaren Holtzsneyder og nordmannen Alfred Josef Gartner som stod for. Avhøyra tok slutt då tyskarane fall i Matrefjella tre veker før krigen slutta. Då kom den nemnde nordmannen inn i cella til han Halstein og bad seg heimatt. Han sa at han Halstein kunde rekna han som ven om noko stod på.

Men det var nok i seinaste laget for torturisten å byrja roturen. I mars året etter vart han Halstein innkalla som vitne i saka mot han. Det var ei av dei alvorlege sakene. Mellom dei spørsmala retten stillte var kor lenge den tiltala hadde brukt piasavakosten og stauren på Tvildemoen. Dette kunde ikkje han Halstein svara noko sikkert på. Det han hugsa var at tyskarane hadde gripe inn og stogga bankinga. Men han som stod tiltala hadde teke tida. Det var tre kvarter.

Alfred Josef Gartner Var mellom dei 31 nordmennene som vart dømde til døden og avretta etter krigen. I alt vart 43 nordmenn dømde til døden. Av desse var det tolv som fekk nåde.

Dei andre strendingane som kom i klørne på dei to omtala torturistane var han Odd Vinje, Leif Vinje, Arnfinn Stalheim, Viking Stalheim, Olav Løen og han Lars Skjerping i Nærøydalen. Det kan vera fleire.

Han Halstein seier til slutt at tyskarane trass alt hadde ein viss orden på sakene. Den gongen han vart arrestert hadde han eit verdfullt lommeur på seg. Det var arvegods som han naudleg vilde missa. Han rekna det likevel for tapt då han slapp ut or fangenskapet. Men ei tid etter krigen fekk han tilsendt i posten både uret og lommeboka og dei andre sakene han måtte levera frå seg. Han har teke vare på fangenummeret sitt. Det står 2008 på den vesle lereftstrimla.

På veggen i stova hans Halstein heng og ein diplom som fortel at han var aktivt med i heimestyrkane.

Han Halstein Humlebrekke var ein av dei som ikkje fekk nokon skade av torturen og fengselopphaldet. Han er framleis like sprek både på kropp og sjel.

Jonas

 

Du er kanskje òg interessert i: