Olav K Vassenden

Olav K Vassenden

Jolekveld i Kyrkjelyden 1984

MIL.-ORG. avd. Vossestrand 

40 år gamle minne med ein av dei mange

Krigen var igang. I september 1939 delte to like Polen millom seg. 4. kvar polakk miste livet i ein nådelaus kamp. Finland slikka sine sår. Vossestrand hadde fenge bod om sine første falne.

Om kvelden den 8. april melde NRK frå ulike kjelder at eit større tal båtar av ymse slag, også marinefartøy, var gått til havs aust og vest for Danmark. Båtane var truleg tyske. Seint på kvelden melde Oslo vidare at fleire båtar syntes vera senka utfor Lista og sørvestlandet. Fiskebåtar hadde funne både levande og døde. Alle var likt klipte og bar same klede o.s.v. Same kor meldingane var rundforma og tåklagde så var det klårt for mange i Noreg at ein større militæroperasjon var på gang! Men mot kva? Neppe mot England.

Med alvor i blikket vart mange vekkjarklokker sette på kl. 04. neste morgon. Dei som ikkje hadde tid til radioen sovna utan otte denne kvelden som alle andre etter strevsame arbeidstimar. Neste morgon melde Oslo at tyske fly flaug lågt over byen. Ryktet tala for at tyske styrkar var landa på Fornebu. Det var høyrt skyting ytst i Oslofjorden og meir. Tyske styrkar var og sette i land i Bergen og Trondheim. Dei vakne reiv eit blad av kalendaren, 9. april 1940. — Regjeringi sende ut bod om full mobilisering. Alle vernepliktige måtte snarast møta på sine mob. plassar. — Me, eit fredsamt folk var i krig. Alt verka tåkete og uskjøneleg. Eitt var klårt. Landet sine knutepunkt var bokstaveleg tala hertekne på sengi.

Tyskarane rykte snart vidare inn i landet frå dei knutepunkti dei hadde innteke. Kvar einskild bygd fekk i tur og orden si krigshistorie. Vossevangen og Vossestrand fekk i tur sine -bomber og oppmjuking med maskingevær frå lågtflygande krigsfly. Sivile som budde nærast alfarvegen overnatta ute, i utløer, vårfjosar, eller hjå naboar som budde meir utifrå. Ingen vart råka til ulivs på Vossestrand! Men raudmylda og torvmyr fauk himmelhøgt, store og små stein likeså, desse var lite hyggeleg å få attende i hovudet. Nokre hus vart øydelagde.

Tyske styrkar kom så til Ulvik med marinefartøy.Dei møtte motstand frå hæren. Straks skaut dei heile Ulvik sentrum i brand. Vidare kom dei langs Vossebana, um Kvamskogen og via Ålvik til Bordalen. Langs Vossebana, på Bordalen og i Skjervet bar det til trefningar. Det var heller kortvarigt.

Dei gamle Kragriflene var ikkje dugande, og kampteknikken var for mangelfull hjå dei norske til å demma opp ei moderne utstyrd hærmakt som Tyskland hadde på dette tidspunkt.

Ftter dette rakna det for dei norske stvrkane på Voss. Her måtte ein og kvar redda seg så godt ein kunde. Dei aller fleste skaffa seg mange slags sivile klede.Dei forlet våpna og tok på veg heim, eller andre drog til andre bygdelag for å finna intakte norske hærstyrkar for å kjempa vidare. Rykta svirra i hopevis så det var uråd å vita kvar tyskarane var. Til lukke og ulukke skein soli frå ein skyfri himmel dag etter dag, og det var mildt. Tusener vandra fjellstrekningane frå Vossestrand til Eksingedalen, til Vik i Sogn, eller Fresvik.Når det meste var over kunde ein køyrt med hestar i meterdjupe og like breide vegar trakka av folk, med og utan ski.

Til Vossestrand kom den fyrste avdelinga, eit halvt hundre mann siste dagane i april. Det var fotfolk, med ein stolen fjordhest og kjerre. Stal og plyndra gjorde dei i alle hus langs riksvegen. Mat, arvesølv og gullgjenstander var høgt i kurs var det likt til. Oslo med NRK sine meldingar vart som glansbilete av ei vernemakt som vilde det norske folket vel på alle måtar.Quisling var eit faktum.Lokalt lærde me ei anna lekse om kva «vernemakti» verkelelg stod for. Med eit innbitt sinne leita unge og eldre etter våpen og ammunisjon som låg att etter hæren. Mykje vart redda, smurt og gøymt. Desse trassige karane vart grunnlaget for den lokale delen av Mil.-org. Vossestrand.

Mil.-org. var ein organisasjon som vart oppbygd over det ganske land med det føremål å byggja opp lager av alt som måtte trengjast for militære avdelingar bak dei tyske linene. I kodeordet går det fram at organisasjonen var oppbygd etter militært mønster. Organisasjonen skulde vera mest mogeleg passiv, og berre handla etter nært samråd med norske militære myndigheiter i England. Styrkane som var bygde opp måtte gjera rekning med å gå til ymse militære aksjonar mot tyskarane i Noreg ved ein invasjon. Eller ved tiltak å avvergja at mest mogeleg av verdiar vart verna ved eventuell «brent jords taktikk», frå tyskarane si side. Endeleg måtte organisasjonen gjerda vakt og ordensteneste ved ein kapitulasjon:

Organisasjonen vart og kalla heimestyrkane. Den sprang ut av det som vart kalla heimefronten som omfatta alt motstandsarbeid i landet. 1941 var eit år med berre motløyse. Tyskarane gjekk fram på alle frontar.Men i -42 byrja karane med våpen å ana at det var organiserte emningar ymse stader i landet. Dødsdomar vart sagde og fullførde til «skrekk og advarsel». Åtvaringane verka i motsatt leid. Dei aller fleste fekk eit inderieg hat til vernemakti og ait dei stod for, hanegalet 1 Beriin irekna. Mange unge sysla med tankar om å fara til England. Rykte tala for at agentar utanfrå var innblanda i ymse hendingar. Tyske rassia og etterlysingar prova at rykti var sanne. Nokre få fekk kontakt med* såkalla agentar frå England. Dei rapporterte om motstandsåndi, liknande om at det truleg var ein del våpen etter hæren, vel gøymde på Vossestrand. Men alt var famlande då dei fleste med våpna arbeidde åleine eller tilknytte nokre få. Dette var rett og viste seg seinare å vera ein styrke.

Nokre plassar i fjellet vart synfarne for forsyningar med fly. Men lite visste ein korleis dette skulde skje. I 1943 vart likevel grupper av strendingar opplærde i bruk av våpen som berre måtte vera komne utanfrå. Desse gruppene vart då handsama som dei var berre denne eine gruppa. I gruppa vart det ikkje spurt. Utad ville det vera katastrofe å spørje. Å vera lausmunna vilde verta rekna for landssvik. Lokalt hadde Vossestrand ein person som var eit unikum til å kveikja den einskilde til innsats, Nils Hommedal på Vinje.

1944 viste seg å verta eit vendeår for heile det tyske riket. Tusenvis av tonn sprengstoff hamra laus på sjølve Tyskland kvar natt. På alle frontar bar det den galne vegen. Føraren takka forsynet kvar gong han hadde noko å seia til det tyske folket. Kva han nå meinte med det. Truleg tenkte og han at det vilde verta endå verre for han. Mil.-org. Vossedistriktet fekk nå leiarar utanfrå, Det var oppretta radiosamband til England med telegrafist på heiltid. Denne opererte frå ymse plassar på Vossestrand.

Tidleg på våren dette året fekk organisasjonen første flylasta med moderne våpen og anna utstyr. Flyet med mannskap utførde eit perfekt slepp på Langatjørni aust foi Høgevarden. I juni vart lasta førd til ymse lagerplassar på Vossestrand og i Reppen.

6. til 16. sept. var det ny «stå på plass tid» ved Langatjørni. Men nå sprakk det på stølen Svorto. Flysleppet vart straks avlyst. På Svorto tok tyskarane radiostasjonen. Organisasjonen fekk ei hard tid mot seg med 6-700 mann etter seg i lenger tid. Men som avdeling var den like heil etterpå. Stasjonen sitt mannskap vart teke hand om og sende ut av område.

Det vart no ei tid der ein heldt seg roleg med kvar sitt.Utan samband til England var dette naturleg då sambandet over andre område tok tid. Men ny radiostasjon kom i drift i Granvin. På nyåret 45 vart strandakompaniet fullorganisert. Kvar einskild fekk tilsagn om kvar han høyrde til. Konpaniet var fulltaligt med tre troppar samansett av tre lag med kp. stab og sanitet. I tillegg hadde kompaniet forsyningstropp som skulde stå for transportar av ymse slag og matlagring.

Dei ymse lag vart trena så langt dette var mogeleg.Det var klårt at dette førde til at mange fekk innblikk i kven og kor mange. Det var såleis ei vending i sikkerheiti om organisasjonen-på.ny kom i hardt ver. Men dette måtte til. Skulle kompaniet måtta gå til oppdrag med heilt utrena personell vilde det vera uråd å taka på seg dette. Det vart såleis trena i drill og våpenkrig og opplæring i bruk av sprengstoff og ymse tennmidlar.

Vinteren 44-45 var ein ruskeversvinter. Stormane herja titt, og innimellom var det kaldt. I januar var bakkegjengen på ny på plass ved Langatjørni. Det kunde og koma folk denne natta. Det var alt dei visste. Men det kom ikkje noko av delene.

Ei gruppe på fire mann sat lenge i flyet i Skotland om kvelden. Men turen til Noreg vart avlyst. Om morgonen var heile flyplassen omkrinsa av fallskjermar.Det var nok mange fly som ikkje nådde fram til Noreg denne natta. Nå fekk organisasjonen melding om å møta denne gruppa på Ulven seter. Det var bede om korrigering*, Ulven seter var ukjendt på Vossestrand. På ny var Ulven seter bekrefta. Men datoen endra frå 15. til 25. januar. Lite ante ein av staben i kompaniet at han før dette hadde vore svært nær ei av gruppene før denne meldingi kom. Det var soleis nær på kontakt i Sødalen, der karane låg verfaste i ei veke. Dei hadde kome til Masfjorden med u-båt. Gått fjelli derifrå. 25. fekk organisasjonen kontakt med Ulvundstølen. Denne om Bjørn Vest Masjordel. Da vosomratt va £ som Bjørn Vest 1 jelli. Då vosseområdet var;; fulforganisert og alle intakt så hadde ikkje området folk å overlata gruppa. Gruppa vart såleis arbeidande åleine med å førebu våpenlagring, matlagring m.m. alt basert på fornyingar med fly. Organisasjonen fekk ein del samarbeid med gruppa. Millom anna måtte organisasjonen skaffa gruppa mat og forlegningar. Dei hadde måtta overlata mest alt frå Matre og hit. Seinare fekk dei radiosendar og forsyningar så dei var sjølvberga. Ein del meldingar frå Mil.-org. gjekk og over denne stasjonen. Gruppa hadde basar på Fjelistølen, i Finnbuene og sist på Gullbråholmen.

Rett etter at gruppa hadde fenge kontakt stod bakkegjengen på ny på Langatjørni. Det var klårt ver med sno og bikkjekalt. Fire maskiner var ventande. Millom anna var organisasjonen lova tyngre våpen som maskingever o.l. Bakkegjengen høyrde eit fly i sør.Men fekk ikkje kontakt. Utan å melda eitt einaste ord drog dei kvar sin veg kl. 06. om morgonen. Tankar om at London kanskje ikkje tok det så nøye om nokon nesten fraus ihel i Noreg melde seg. London vart spurd om dette og svara kom.

28 maskiner til Noreg denne natta, stop, ising i Nordsjøen, stop. Ei maskin droppa på lys. 6 snudde ikkje 1 tide og gjekk i sjøen, stop, trettito mann sakna, stop.Det skulde koma ei stor maskin inn Skånevikfjorden og styrta i sjøen. Folk rodde ut og fann ein ung mann i live. Seinare kom det fram at maskina bakkegjengen høyrde droppa til ein bakkegjeng på Voss.Der var maskingevær i lasti. Like innpå påskehelgi fekk Bjørn Aust to maskiner på Finnbunuten. Sleppet var dårleg utført. Ein del av konteinaren sprakk i lufta så innhaldet fauk vidt omkring. Fire fallskjermar hekk i floget under skavlen på nordaustsida. Ein femte kom ned på Hestakleivi. Ca., 500 påskegjester var komne, "eller var på veg til Myrkdalen. Folk frå kompaniet klatra opp henget natta etter og løyste alle undanteke ein, denne skar seg stendig under skaren. Dagen etter kom den 20 meter høge skavlen og løyste problemet.

På same tid vart radiostasjonen i Granvin oppdaga.Det bar til skyting. Her fall Kjerland frå Granvin. Telegrafisten og dei to andre kom seg på skogen. Likevel vart dei sisti smnde tekne til fangar natta etter. Her kunde det sprikka med tråder attende til Vossestrand.Gå i dekning lydde meldinga! Mange rekna nå med at ein var komne til eit punkt der tyskarane vilde satsa på å gjeva dei ulike motstandsgrupper eit nådelaust angrep. Mogeleg med å skyte først og spørje etterpå. Dei som vart varsla kom seg såleis kvikt heimanfrå. 4. april kom det ein venta. Om gestapo ikkje skaut først på Vossestrand, så gjorde dei det i Oslo og andre stader.

På Vossestrand gjekk dei fram etter namnelister med tildels gode signalement på einskilde personar.Listene var langt større enn kva dei arresterte i Granvin hadde tilstende. Likevel fekk ikkje tyskarane teke alle dei yngste. Mange var lynraske og unngjekk å bli tekne. Andre var alt heimefrå. Men nokre rauk inn. Burtsert frå tredje tropp så vart likevel ikkje kompaniet så hardt råka. Det gjekk mest utover andre hjelpemannskap.

Nå vart det ei travel tid. Dei aller fleste drog på skogen eller i fjella. Bjørn Vest kom i kampar. Dette førde til at gestaposjef Lang i Bergen miste folk og fekk nok å gjerda. Dette avlasta nye slag mot vossestrendingane.

I denne hektiske tida stod enno ein gong ein bakkegjeng og venta fly, og nå på Blyfjell. Veret var full storm med våtsnø. Fly for framom. Men sikti var null. Om morgonen var det klår himmel. Så lite om å gjera var det til å lukkast.

Nå var det innlysande at Tyskland med sin førar var i oppløysing. Men kva med dei tusental tyskarar i Noreg? Vilde dei halda fram kampen etter at moderlandet var falle? Saman med Bjørn Aust var det tinga eit større tal fly med forsyningar av alle slag. Serleg venta ein på uniformer. Bjørn Aust fekk to maskiner i Kvanndalsleite. Dette var omlag midt i april. Det vart dei siste. Bjørn Vest vart prioritert.

Nå var det travelt i Mil.-org. Ein måtte vera budd på alle mogelege ting. Vage meldingar om tingingar med dei tyske styrkane i Europa kom. Vilde dei gjeva seg? Kampane nerma seg Berlin. Føraren held sin siste tale. Hanegalet vart burte. Nå var han vesal og svak i røysti. Bjørn Aust budde seg på å taka mot fallskjermtroppar. Tingingar var i gang om «festningen Noreg»

7. mai i ca. 15.-tidi sat kompanileidinga tett saman, om miniradioen. Om det var Petter Tomas eiier, Amerkas stemme? Meldingi var grei og leseleg. Dei tyske styrkane i Noreg hadde også kapitulert utan betingelsar.

8. mai 1945 vart strandakompaniet sett opp på flaten der Sambygg nå stend. Oppdrag: Vakt og ordensteneste! Stad, Vossevangen. Bjørn Aust drog i same oppdrag til Norheimsund. Krigen var slutt i Europa. Ut på førsumaren var det innlevering. Mil.-org. var dimittert.



Du er kanskje òg interessert i: