Jakt i okkupasjonstida

Jakt i okkupasjonstida

På bilete frå venstre: Sjur Hommedal, Major Klein , Kolbein Straume, Nils Midtun, Sigmund Engeland, Johan Husdal og Olav N. Røthe.

Historien om jakta er fortalt av  Johan Husdal (1895-1989) og er prenta i årboka "Gamalt frå Voss 2001"

 

Reinsdyrjakt i 1940

 

 
 
 Det var midt i september 1940. Det skulle verta reinsjakt i år og, men vilkåret var at den tyske majoren, som tok Voss, skulle vera med. Han hadde sett det kravet at dei som skulle vera med, måtte vera sportsfolk.
Det skulle vera start frå Gavle kl. 06.00. Han Nils og eg stod klare til å taka mot major Klein, når han kom. På slaget 06.00 stod han i Gavlstunet og hadde med seg ein til å bera. Sjølv bar han gevær og ein liten skuleransel. Han helste med strak arm, og so opp i handa. So spurde han meg fyrst, kor gamal eg var. 45 år, sa eg. Mykje for gamal, sa han. So spurde han kor gamal han Nils var. 52 år, svara Nils. Mykje for gamal, sa tyskaren. Me lurde på om han ville snu, når han fekk med seg so gamle folk, men det vart no til at me starta.
Major Klein sette opp ein fæl fart. Eg tenkte med meg at går du, so skal eg halda fylgje med deg. Han Nils bad om at me måtte sakta på farten, for det var langt å gå. Dette høyrde ikkje majoren på. Det vart same farten ut i Reppane. Opp Reppabotnen var det ikkje vanskeleg å halda fylgje med majoren. No slo han Sigmund Engeland lag med oss, og oppå Reppeggi trefte me nokre til som skulle vera i lag med oss. Det var Ola Røthe, Kolbein Straume og Sjur Hommedal. Etter å ha kvilt litt,bar det i veg att.
Om kvelden før og ut over natta hadde det regna, men om morgonen hadde det frose, so det var glashålt på alle steinar. Oppe i Svultabotnen var det snø, og opp mot Bytningaeggi gjekk snøen over kneet. Kven som kom på kvar me skulle gå var det ingen som ville vera ved seinare. Men eg trur det var han Nils, for han var best kjend, og han var leidar for jakta. Det vart so at me gjekk på sørsida av Mykjedalsvatnet, gjenom urda. Der var det glashålt. Me andre var vane med litt av kvart. Men tyskarane, som hadde gjenge hanemarsj ut i Reppane, greidde seg dårleg. Dei gleid og dei skreid, stundom på to og stundom på fire, og ikkje sjeldan både på magen og på bakenden. Me gjekk som om me ikkje såg noko.
So vart det snøen å vassa i. Midt oppe i Svultabotnen fekk major Klein krampe i båe låra. Han kom ikkje av flekken. Han stod der og gnika på låra sine, og litt etter litt losna det til med han. Men det gjekk smått. Me høyrde ikkje noko meir om at me var for gamle, korkje han Nils eller eg. Men so hadde me no gjenge rundt Mykjedalsvatnet på sørsidaog so burt på Strupen, før me sette i vegen opp Svultabotnen.Kva majoren tenkte, eller om han forstod det, veit eg ikkje. Men det såg ikkje ut til at han ante noko.
Farten opp Svultabotnen var så liten at me andre heldt på og få frost i oss. Han Nils kunne ikkje gå frå tyskarane, men eg sa til han at me andre tek oss ein tur for å sjå etter reinen, so mykje me kunne få varmen i oss. Veret var fint, overskya, med ein frisk fjellvind. Ein kunne ikkje stå i ro lenge før ein fekk frost i seg. Han Sigmund og eg slolag. Det var ikkje lenge før me fann rein millom Jomarsnosi og Svartehorgi, heilt innunder berget. Me måtte heilt nedpå kanten for å sjå reinen. Me skunda oss tilbake og fekk tak i han Nils og tyskarane. Majoren var redd for å gå ned på kanten so han kunne sjå reinen. Men til slutt våga han seg til, då me stod rundt han. Den andre tyskaren stod lenger oppe. Truleg skulle han halda auga med oss, dersom me kippa majoren utføre. Men då majoren fekk auga på reinen, var det me som vart redde. Han hoppa og skreik, og omfamna oss, so me vart redde me skulle gå utføre. Det var då både snø og is der me stod. Men me kom oss vel opp frå kanten, og so fekk den andre tyskaren gå nedpå for å sjå reinen. Det vart på ny Hitler-helsing og handhelsing og gratulasjonar, ved synet av reinen.
So var det å koma seg ned. Han Nils tok til å forklåra korleis me måtte gå, og korlang tid det vilde ta. Då majoren høyrde at det tok ein time å gå rundt, ville han vita om det ikkje var ein snøggveg. Jau, eg visste om ein veg ned frå Jomarsnosa og var nedover og såg etter om det var råd å koma ned. Eg sa med han Nils at han og eg ville noko koma oss ned, men det vart vanskeleg for tyskarane, so klønete som dei er til å gå. Han Nils til å forklåre majoren dette, men han sette på at ned der skulle dei gå. Eg hadde ein stygg mistanke om at majoren forstod norsk godt. Seinare fortalde han at han hadde vore mange gonger i Noreg på elgjakt.
Me kom oss ned etter at me hadde bore ryggsekken og ranselen til tyskarane, og geværa deira, og støtta dei både på sida og framme og bak. Reinen gjekk like roleg,og det var berre for major Klein til å skjota. Laglegare kunne det ikkje vera. Det var berre til å leggja geværet nedpå, og brenna laust. Reinen datt. Han kunne ikkje bomma på det haldet.
No vart det ein seremoni som eg ikkje har vore med på, korkje før eller seinare. Klokka var pålag 12 då reinsbukken datt. Men me kom ikkje derifrå førkl. 15. Fyrst skulle majoren helsa med Hitler-helsing, og so helsa han oppi handa på alle oss 6 som var med. So skulle kvar av oss ha ein jaktdram,og etterpå var det same helsinga ein gong til. So skulle majoren og bukken fotograferast frå alle kantar og stillingar, og då me flådde bukken, vart det ny fotografering. Likeeins då kjøtet låg på snøen, då kjøtet skulle gravast ned, og då det var nedgrave så berre steinhaugen viste. Alt vart gjort grundig, på tysk vis.
Major Klein skulle ikkje ha kjøt, han ville berre ha horna av bukken. Det var ein stor bukk han hadde skote, og horna var uvanleg fine. Men majoren fekk ikkje mykje gleda av horna,dei kom ikkje lenger enn til Sundve skule.
So skulle me skilja lag, dei to tyskarane skulle ikkje vera med lenger, dei skulle tilbake til Vossestrand og til Voss. Det vart ein ny seremoni, med handtrykk og Hitler-helsing. Me hadde visst synt oss verdige til å få jakta åleine.
Major Klein hadde teke Voss i aprildagane 1940, men i aprildagane 1941 tok Voss majoren. Han gjekk med i ei snøskreda i Rjoandalen. Han skulle læra tyskarane å gå påski, og å ta seg fram i fjellet.Han hadde vel i minnet reinsjakta han hadde vore med på. Han ville vinna over fjellet, men det vart fjelletsom vann på han. Korkje dei tyske soldatane på Voss, eller me sivile, syrgde ved denne skredulukka.

Meir informasjon om major Klein: Walter Klein, fødd 31.08.1890 i Drespe, Krs. Köln. Døde 22.03.1941 i eit snørasved Mjølfjell.

Du er kanskje òg interessert i:

Olav K Vassenden

Olav K Vassenden

Ivar Ødegård

Ivar Ødegård