Møte om stadnamninnsamling i regi av Vossestrand Sogelag

7. november 2019 inviterte sogelaget til møte i kyrkjestova om stadnamninnsamling på Vossestrand. Det var bra frammøte og me talde i alt 21 personar, der stort sett heile Strondè var representert.

Jorunn Gjøstein opna møtet og orienterte litt om bakgrunnen for møtet og prosjektet. Ole Kristian Årmot har lagt ned eit stort arbeid med innsamling av namn i Myrkdalen. Han har fått stor anerkjenning for dette arbeidet frå folk i Nhdigi og Universitetet i Bergen. No ynskjer han å få fleire med på laget og vil utvida prosjektet til å samla inn stadnamn for heile Strondè.

Det har vore samla inn ein god del namn tidlegare i regi av sogelaget, men dette er aldri vorte skikkeleg systematisert og digitalisert. Dette materialet vil vera med og danna eit godt gunnlag for prosjektet me no går igang med.

Ole Kristian Årmot var med på møtet og heldt eit interessant innlegg om arbeidet sitt og metodar for å samla inn stadnamn.

Tommy Veland frå Lindås kommune, kart og oppmåling, var òg med på møtet. Han fortalde om Nordhordaland digitalt og digitalisering av stadnamn i kart. Han orienterte om bruken av dette kartet og kva informasjon som kan leggjast i kart, ikkje berre stadnamn.

Styret i Sogelaget vil på nyåret (2020) laga ein plan for det vidare arbeidet med innsamling av stadnamn på Strondè.

Tekst: Kari Mørkve Jordalen

Du er kanskje òg interessert i: