Vossestrand sogelag inviterer til ope møte i kyrkjestova på Oppheim torsdag 7. november 2019 kl 19:00.
Tema: Stadnamn på Vossestrand.
Det ligg mykje historie i namnet på teigar, vegar, groer osv. Det lokale namnet folk har brukt seier mykje om historia og levesettet til folk på gardane opp gjennom tidene.
Me veit at det ved fleire høve har vorte samla inn lokale stadnamn på Vossestrand. Dette innsamla materiale har hamna i ymse skuffer og skap og er ikkje vorte systematisert. Vossestrand sogelag ynskjer å gjera noko med dette, me ynskjer òg å få samla inn så mange namn som mogeleg før dei går i gløymeboka.
I fleire år no har Ole Kristian Årmot gjort ein stor jobb med å samla inn over 1200 stadnamn i Myrkdalen. Han har òg byrja med å plotta desse inn på digitale kart. På møtet vil han fortelja om arbeidet sitt og visa korleis han har jobba med dette.
Målet vårt er å få sett ned ei arbeidsgruppe som kan arbeide vidare med dette prosjektet.
Ynskjer at alle som er interessert i lokal historie har høve til å koma denne kvelden.
Hjarteleg velkomne.