I år er det store temaet utvandringa til USA.
Arne Gilbakken har skrive ein flott artikkel om strendingane som i hopetal forlot kjent og kjær, gard og grend for å prøva lukka over dammen. Ellers er me innom segner, bumerkjer, hestahandlarar, reinsjakt, entrepenørar og historiar frå krigens dagar, ispedd eit par dikt. Vonar de finn det interessant, god lesnad!
På omslagsbiletet på framsida står Johannes O. Herheim (1889–1973) t.v. saman med David Sausjord (1893–1979) i 1963. Då husmannsguten Johannes frå Herheimstråi utvandra til Amerika i 1910 gav han langorvet sitt til naboen og kameraten David, «kanskje eg ikkje vert så lenge, du får ta vare på det du». Det skulle gå 53 år før Johannes kom att, og David hadde teke vare på langorvet. Det vart eit rørande møte mellom desse karane i 1963, særleg då David gjekk inn i eldhuset og henta orvet til stor glede og overrasking for Johannes. Foto Chr. Herheim
På baksida er det bumerkjet til Ola Draugsvoll frå 1721. Foto: Kjell Herheim

Årboka 2025 kan kjøpast fleire stader: hjå Joker Vinje, Joker Haugsvik, bensinstasjonen på Vinje. På Voss i Ark Bokhandel og i Voss Bokhandel.
Prisen for årboka er 250 kroner.
Om du ønskjer å kjøpa eldre utgåver av Gamalt frå Stronde, kan du ta kontakt med sogelaget på e-post: