Vossestrand Sogelag på Strandamessa 2025
Dato: Laurdag 22. og sundag 23. november
Stad: Sambygg, Vossestrand
Vossestrand Sogelag deltek på årets Strandamessa og ynskjer alle velkomne innom standen vår for ein hyggeleg prat og sal av lokale bøker og musikk.
Me sel mellom anna:
-
Årboka Gamalt frå Stronde 2025
– Les meir om årets utgåve her -
Eldre utgåver av Gamalt frå Stronde
– Fine gåver og lokalhistoriske skattar - Den nye plata Folkesongar frå Vossestrand av Ellen Marie Selland Geithung
– Ei samling vakre folketonar frå bygda, med røter i tradisjon og særpreg frå Vossestrand.
– Les meir om plata og platesleppet her
Kom innom!
Du finn oss på standen til sogelaget begge dagane.
Stikk gjerne innom for å sikra deg årets årbok eller den nye plata Folkesongar frå Vossestrand – eller berre for å slå av ein god og hyggeleg prat om folk, gardar og soge frå Vossestrand.

