I samband med årsmøtet til Sogelaget fortalde Ole Kristian Årmot og Sturla Hommedal om arbeidet med å samla inn stadnamn på Vossestrand. Hittil er det samla inn 3500 stadnamn som er registrerte på eit digitalt kart.

I desse Korona-tider er det mange som har fått ekstra god tid i heimen. Bruk gjerne tida til å sjå igjennom gamle bilete. Kanskje har du gamle bilete som kan vera kjekt å få lagt ut på Sogelaget si fotoside. Har du ikkje høve til å scanna bileta sjølv, så ordnar me i fotogruppa saka.