Egdetveit Skule
Egdetveit skule
Av Einar Midtun
Skulehuset:
Den første faste skulestova på Egdetveit var den gamle ”Prestestuen” på Øvre Vinje, som vart riven og flytta til Egdetveit i 1875. Den faste skulen på Vinje hadde tidlegare halde til i ”Prestestuen”. Huset hadde vore nytta av presten når han heldt preik i gamlekyrkja på Vinje.
Ny skule vart bygt og stod ferdig i 1928. Det gamle skulehuset vart overteke av Egdetveit ungdomslag. Huset vart flytta til ny tomt og kom i bruk som ungdomshus i 1929.
Etter initiativ som gjerne vart teke av Egdetveit Ungdomslag vart ungdomshuset også nytta til lokale for arbeidsskulekurs. Det vart også skipa til kveldsskule og framhaldsskule. Kursa vart skipa til såleis:
1930: 12 vekers arbeidsskule-kurs for gutar.
1933: 12 vekers arbeidsskule-kurs for jenter.
1936: 100 timar kveldsskule med faga norsk, rekning og naturfag.
1937: 12 vekers arbeidsskule-kurs for gutar.
1940: 12 vekers arbeidsskule-kurs for jenter (sy- og vevkurs)
1941: 12 vekers arbeidsskule-kurs for gutar.
1942: 12 vekers framhaldsskule-kurs
I 1966 vart Egdetveit skulekrins nedlagd, og elevane vart flytta til Sundve krins.
Lærarar:
Den første læraren ein kjenner til var Anders Olsen Nesheim. Han var lærar fylgjande år:
1858 - 1863 (Holbygda), 1865 - 1873 (Holbygda/Oppheim), 1873 - 1876 (Holbygda).
Andre som har vore lærarar i Holbygda/Hole og Egdetveit:
Ola Odds. Hole, 1865 - 1873 (Hole/Vinje)
Knut Brynjulvsen Vethe, 1873 - 1876 (Egdetveit/Vinje)
Knut Brynjulvsen Vethe, 1876 - 1877 (Holbygda)
Knut E. Seim, 1876 - 1882 (Vinje/Hole)
Gulleik Helgeson Fosse, 1878 - 1883 (Holbygda)
Olav Vevle, 1883 - 1886 (Egdetveit)
Nils K. Bjørgaas, 1885 - 1922 (Holbygda/Sundve)
Johannes Borge, 1886 - 1889 (Jordalen/Egdetveit)
Helge Olsen, 1893 - 1895 (Egdetveit)
Heine Skogseid, 1896 - 1937 (Egdetveit)
Ingebjørg Vinje, 1925 - 1926 (Egdetveit/Sundve, småskulen)
Sjur Giljarhus, 1926 - 1937 (Egdetveit/Stalheim, småskulen)
Sjur Giljarhus, 1937 - 1966 (Egdetveit)
Kjelde:
”Strandaskulane” frå dei eldste tider til 1964, prenta 1989. Krins-soge Egdetveit skulekrins. Av Gunnar Dagestad i samarbeid med Kolbein Arnetveit.