Framhaldsskulen
Framhaldsskular
Av Einar Midtun
Kjelde:
”Strandaskulane” frå dei eldste tider til 1964, prenta 1989. Framhaldsskular av Bjarne Skjervheim.
Inntil framhaldsskulen vart gjort pliktig i 1959, vart det halde mange variantar av framhaldsskulane, teoretiske kurs på 12 - 14 veker kombinert med sløyd og/eller sy/vevkurs på 6 - 12 veker. Her var det plass til alle som ynskte noko opplæring/ utdanning etter folkeskulen.
Tidleg på 1900-talet vart det oppretta både kveldsskular og framhaldsskular.
Det vart søkt om å halda kveldsskule i Hauge krets vintrane 1906-1907. Og like eins vart det søkt om å få ein 6 månaders framhaldsskule vinteren 1909-1910, som vart stetta. Frå den tid vart framhaldsskular skipa om lag årleg og gjekk på omgang i krinsane.
Med nedgangstidene som sette inn i 1920 åra, minka ”interessa” for framhaldsskule noko, og i 1925 våga ikkje skulestyre setja i gang. Berre 8 elevar hadde meldt seg på kurset i Hauge (grensa var sett til 10). Men året etter i 1926 melde det seg 14 elevar til framhaldsskulen på Vinje med O. Grindeland som lærar.
Nyttår 1926 søkte Oppheim ungdomslag om tilskot til arbeidsskule. Skulestyret rådde til, og Olav N. Berge vart lærar. Dette var opptaket til ein bolk med arbeidsskular.
Myrkdalen ungdomsslag skipa til arbeidsskule på 12 veker i Myrkdalen i 1928. Lærar var Eirik A. Bygd.
Vinteren 1929/30 fekk Egdetveit ungdomslag liknande kurs med Nils Th. Midttun som lærar.
Første arbeidsskulen for jenter var på Egdetveit i 1933, med Dagny Aardalsbakke som lærar.
Arbeidsskulane var tydeleg populære og det var rift om dei i krinsane.
Jamvel Jordalen, som kunne mønstra 12 elevar, fekk arbeidsskule vinteren 1936/37.
Under krigen ”blomstra” framhaldsskulen oppatt og vart årviss. Desse var lærarar:
1940-41: Magnus Kolås, 1941-42: Hans Hansen, 1942-43: Nils Ruset, 1943-44 og 1945-46: Hans Hansen.
Framhaldsskulen ambulerte mellom Oppheim og Vinje.
Den siste framhaldsskule-klassen før nyeskulen på Sundve vart teken i bruk i 1957, (vinteren 1956/57) heldt til i det gamle kommunehuset på Vinje. Medan sløyden heldt til i IOGT sitt ljosehus på Vinje. Lærar var Lars Prestegard frå Granvin.
Framhaldsskulen og 4. og 5. skuledagen på Sundve
Av Einar Midtun
Kjelde:
”Strandaskulane” frå dei eldste tider til 1964, prenta 1989. Sundve skule. Av Olav Hole.
Då det nye skulebygget på Sundve stod ferdig i 1957, fekkog framhaldsskulen fast tilhald på Sundve. I 1960 starta ein opp med 4. skuledagen og seinare også 5. skuledagen.
Første året 1957/58 var Bjørg Draugsvoll lærar, og året etter 1958/59 Terje Håkon Kaldestad. Frå 1959/60 og til framhaldsskulen gjekk ut i 1970, var Olav Hole framhaldsskulelærar og sløydlærar.
Elles har desse vore handarbeids- og sløydlærarar fram til 1964:
Annlaug Åsebø, Anna Hegland og Ingebjørg Sausjord, Hallstein Ure og Martinius Årmot.
Husstllærarar: Brita Ulvund, Ragnhild Ødegård og Gerd Ingrid Sundsvoll.