Oppfinnarar og grûndera har me alltid funne på Strondè.
“Sogns avis” 18.09.1952
No kjem sagi på garden og skjer tømmeret!
Ein lastebil fraktar heile greida.
“Det er ofte lang veg til sagi når mannen skal byggja seg hus og har hogd tømmer og fått det heim.
Fyrr i tidi – og enno òg – måtte dei køyra den lange vegen til sagi.
Horda Tidend på Voss fortel om ein anna måte å gjera det på.
Når nokon no har hogt seg tømmer til eit hus, so køyrer han det på plassen der huset skal stå, og so sender han bod etter ein mann med sag, og han kjem og skjer det.
På den måten sparer dei store utlegg og mykje arbeid.
Det er Kåre Vangsnes frå Vossestrand som fer rundt i Vossebygdene og skjer tømmer åt folk.
Han har sjølv laga sagi si, som ikkje er større, enn at han tek med seg heile greida på ein lastebil.
Og denne sagi skjer like godt som ei anna sirkelsag – ein kublikk i timen på vanleg skjering.
Sagi går med Dieselmotor, og soleis treng dei heller ikkje vera bundne til El.-kraft heller.
Konstruksjonen er det Vossesmidja som har laga”.
Har du noko å bidra med ta kontakt på