Nedre Skjervheim, Vossestrand - omlag 1950
Bjarne Skjervheim: Nigarden på nedre Skjervheim, der Sigurd Skjervheim med familie budde. Eit flott bilete av gamle Nigardstunet. I det kvite huset men grøne lister budde tanta til Sigurd, Kristina med familien sin. Ho var gift med Ingebrigt Tufte frå Tufte i Langedalen. Biletet er nokså sikkert teke kring 1950. Bak huset til Kristina kan eg så vidt skimta ein "bordalund". Sigurd skulle byggja seg ny løe, og der låg ein del material lagra, stabla med tak over. Kristinastova vart flytta derifrå tidleg i 50-åra. No står berre gamlestova, loftet og smidja att av dei gamle husa. Sigurd bygde først ny løe (56+/-?), deretter ny stove (60åra) på Kristinatomta. Vedhuset, Stallen og gamleløa vart rivne etter kvart.
Eg saknar eit biletet frå same tidsrommet, men teke eit hakk lenger mot vest/Tveite. Fotografen stod nokså sikkert nedanfor loftet, dvs det raude huset med kvite lister til høgre på biletet.
Kven kan hjelpa Bjarne Skjervheim og Fotogruppa med å finna biletet han saknar?