Røva - viso 1935
Røva - viso 1935
Her, oppao Skjervheim sto ein røvagard.
Sylvrøv hadde dei og so eit blaorøvpar.
Pengane dei skulde strøyma inn so berre sand og gras,
"Penga sovande so sa han Anna-Lars".
Kjeringane skinn om halsen skulde fao,
både helg og vyrkja dei i skinn sku gao.
Og med tidæ skal dei fao ein pels tao berre røvaskinn,
naor me fleire dyr i garden setja inn.
So de veit so ska´ no røven stjornast godt,
her ingjen ting var spart pao, maten han var flott.
Søtamjelk dei fekk å drikka, og so kjøt tao beste sort,
og so egg, so kullet skulde verta stort.
Fyrsta aoret gjekk og fyrsta vonæ sprakk.
Røven fekk kje ungar, berre aot og drakk.
Men, da berre e´ te venta, da te aors vel lagar seg.
Dao dei sikkort unga faor, da sei´ eg deg.
Men da andre aoret ikkje betre vart.
Blaorøvprisane gjekk ned i skiten radt.
Men sylvrøvane dei fekk unga, du skal hava lov og takk,
dei redda foreløbig i frao kunk og krakk.
Men dei ungane dei detta aoret fekk
dauda kvar og ein so syrgjeleg da gjekk.
Gamle hannen laut dei slakta fø pao helsa han vart ring,
og fø dan pelsen fekk dei næsten ingjen ting.
(No dan eina vone etter andra seig,
medan utlegget pao røven berre steig.
Røvamaten vart og dyro dao dei ingi vending fekk.
Redde vart dei no at detta gale gjekk.)
No da vart for dyrt å stjorna dei so flott,
so dei gav dei vomb og anna mindre godt.
Og, han Anna-Lars fann pao han skulde slakta galten sin.
Kvar ein rubb og stubb da gjekk i røven inn.
Men mæ tide´ vatt og galtaflesk for feitt.
Gamle katta, sild og raoslag i dei smatt.
Penga no dei måtte spara fø budsjettet dårleg va´
og prisane pao røvaskjinnæ segje har.
Da va´ greidt da måtte adle sjao
at detta her so reint pao krukso måtte gao.
Røven no dei måtte slakta og budsjettet greida ut.
Eigong måtte detta eventyr ta slutt.
Dao da stora oppgjer so dei hadde hatt,
da so lite tao fortenesta vart att.
Da, so vilja folkjet seia men da gjengje ha i duld...;
rundt om femtan-hundra kvar dei fekk i skuld.
Skriven til ein revy i Myrkdalen Ungdomslag, ca.1935/36
Forfattarar: Lars Skjervheim, Sigurd Dugstad, Knut Akselson Hirth, Olav Tveite, Sjur Mørkve (som ifylgje han sjølv eigenhendig dikta siste vers) og Lars Bystøl (sekretær, som bidrog med å nedskriva det dei andre dikta)
Kjelde: Sjur Mørkve