Osasagi
Myln og Sag i Vinjadalen, Vossestrand
Gardssoge for Oppheim Sokn
av
Torsten Hellesnes og Johannes Gjerdåker Sag og kvern i Osen
Hundre meter ovanfor Fylkesgrovi, tre hundre meter nedanfor Osabrui stod sag og myln. Dam var oppbygd i elvi frå Oppheims-vatnet, og same turbinen dreiv både mylni og sagi. Det var Anders Kjønnegard f. 1864 som dreiv både myln og sag ei årrekkje. Han bygde stove og budde ved anlegget med huslyden sin. Ingebrigt Bidne f. 1846 hadde vore med og bygt det opp.
Etter Anders Kjønnegard var det Olav Klasson Bidne f. ikr. 1885 som var sagmann og mylnar. Lars K. Opkvitne, Ure f. 1858 har og male ved denne kverni. Kommunen kjøpte anlegget etter Anders Kjønnegard si tid og Edvard Larsson Draugsvoll f. 1879 var tilsett som sagmann og mylnar ein mannsalder frå fyrste verdskrigen. Sivert Bidne overtok etter Edvard Draugsvoll i 1943 og han skar og mol fram til 1954. Det året kjøpte Tørres Selland, Bidne f. 1891 sagi av kommunen og dreiv med skjering til 1963. Kommunen selde kverni. Ikkje mykje vart male etter 1950, for korndyrkingi minka ned til inkje på 1950-talet. I 1969-70 vart både sag, kvern og det huset Anders Kjønnegard hadde bygt i Osen nedrivne, då Statens Vegvesen utvida vegen i Vinjadalen.
Av sager i Vossestrand elles veit ein om Olav Sundve si sag nedanfor elvamotet millom Myrkdalselvi og elvi frå Vinjadalen, og Olav Herheim si i Holbygdi.
Sagarbeidet var mest i tidi millom vårvinna og slåttonni, helst og mest i juni månad. Mylni i Osen avløyste i millomkrigstidi alle dei gamle gardskvernane. Serleg under siste krig var det mykje korn male på Osakverni, ikkje berre frå Oppheimssokni, men frå heile Strondi.
Takk til Birger Hylland som fann forteljinga. Samlar Per Husdal